Dagny, Bob Hund, Halie og Ida Jenshus speler òg på Festidalen 2018

Det svenske indierock-bandet Bob Hund skal stå på Festidalen-scena i sommar. Det er det nok mange som gler seg til. (Foto: Ellika Henrikson/Johanna Berg).

Det svenske indierock-bandet Bob Hund skal stå på Festidalen-scena i sommar. Det er det nok mange som gler seg til. (Foto: Ellika Henrikson/Johanna Berg). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Programmet er komplett, plakaten er i trykken, og påskesola er årets første vårteikn, skriv Festidalen i ei pressemelding, og avslører at dei fire siste artistane til årets festival er Dagny, Bob Hund, Halie og Ida Jenshus.

DEL

Som eit «påskeegg» til festivalpublikumet, avslører Festidalen no dei fire siste artistane.

Sterke kvinner

Tromsø-artisten Dagny er eit unikum. Ho har sidan debuten i 2015 «sørva» inn hit på hit. Den relativt korte karrieren hennar så langt har allereie resultert i mange titals millionar «streams», gig saman med Justin Bieber i London, Billboard-listing og etter påska vert det ny USA-turné. Dagny er alt ei popstjerne, både innaskjers og utanskjers. «Backbeat», «Love You Like That» og «Wearing Nothing» er alle herlege sommarlåtar perfekte for juninetter i Kvinnherad.

Og ha augo og øyrene opne for Halie, Bergens nye pop-komet. Ho vert samanlikna med Sigrid og AURORA, og er under vengene til det same, dyktige managementet. Halie skriv låtane sjølv, noko ho seier ho må for å klara å meina det. Denne 17-åringen er ikkje som alle andre. Ho går framleis på vidaregåande, men har likevel rokke å begeistra nasjonal og internasjonal musikkpresse. For berre dagar sidan var ho også å sjå på Skavland.

Halie er berre 17 år, men er spådd ein lysande karriere. (Foto: Hanne Cathrin Olsen).

Halie er berre 17 år, men er spådd ein lysande karriere. (Foto: Hanne Cathrin Olsen).

Fredagen vert opna med «smud americana». Ida Jenshus er alt godt etablert, har raska til seg fleire Spellemannsprisar, og blitt hylla landet over. Hennar americana, og tidvise country-retning, treff folk og fe akkurat der den skal. Ida skriv musikken sin i både Noreg og USA, og har tette band til dei kredible leirane over dammen.

– Eg er svært nøgd med at halvparten av banda er fronta og drivne av heilt rå kvinner. Men ikkje tru eit sekund at me driv med kvotering. Kvalitet trumfar kjønn alle dagar, heile året. Kunst og kultur skal vera fri for gradering og bås-plassering av grunnar knytt til kjønn. God musikk vert ikkje laga av store bicepsar eller hår på brystet, berre gode idear og lidenskap. Tingen her til lands, er at me har eit hav av vanvittig kule damer som mekkar kvalitetsmusikk. Programmet speglar såleis fint stoda i dag, fortel booking-ansvarleg Daidalos Dahle om dei tre siste kvinnelege artistane han har fått til festidalen.

Ida Jenshus er ein godt etablert artist som speler musikk i americana/country-sjangeren. (Foto: John David Souther).

Ida Jenshus er ein godt etablert artist som speler musikk i americana/country-sjangeren. (Foto: John David Souther). Foto:

Bob Hund og Raga Rockers

Bob Hund er rett og slett svenske indie-rock-gudar! I 25 år har dei spreidd glede, humor og fantastisk live-musikk i heile Skandinavia. Med karismatisk skånsk dialekt og ein knabben sjarmkonto sug dei framleis til seg nye fans i alle aldrar. Bob Hund er ein raspande gal fest på scena. Dei sluttar aldri å sjonglera feite låtar, latterleg fin humor og enorm energi på vanvittig vis.

– Bob Hund og Raga Rockers gir oss skandinavisk rock så solid at det ar vanskeleg å laga god rock her på knausen utan å ha referansar til ein av dei. I kvar sitt land har dei vore heilt essensielle for retninga sjangeren har tatt, og kredibiliteten den har fått. Baluba med ballar! seier Dahle.

Variert program

Årets festivalprogram er altså komplett med følgjande artistar: Bob Hund, Dagny, Halie, Ida Jenshus, Ingebjørg Bratland, Kamelen, Raga Rockers, Fagernes Yatch Club, Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K. Dette er bookingsjef Dahle meget fornøgd med:

– Dagny og Halie, saman med Fanny Andersen, Kamelen, I am K og Hkeem, er formarane av norsk pop anno 2018. Her har ein seks unge, uredde sjeler som meiner alvor. Me er faktisk veldig stolte over at halvparten av plakaten er kledd med reine, unge talent som drar oss med inn i framtida. Og det er med brei pensel me malar pop på veggen. Ida Jenshus og Ingebjørg Bratland opnar kvar sin dag med jordnær og inderleg musikk basert på folk-røter frå kvar sin kultur. Dette høyrer verkeleg heime på ein gard mellom fjord og fjell. Kva gir då dette oss totalt? Hm, sånn cirka seks deler brei pop, to deler breibeint rock, to deler musikk med røter me ikkje må gløyma, jo – og så toppar me det sjølvsagt med to deler pur party i Lars Vaular og Fagernes Yatch Club! seier Dahle, og tipsar om at dei som vil kan lytta seg opp på artistane som kjem til årets Festidalen med ei heilt fersk Spotify-speleliste som no ligg klar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags