Mykje spennande for dei små under Festidagen

Her frå Festidagen-gruppa til Espen Attramadal i fjor. Også i år skal han læra born og unge å laga spennande figurar av leire. (Arkivfoto).

Her frå Festidagen-gruppa til Espen Attramadal i fjor. Også i år skal han læra born og unge å laga spennande figurar av leire. (Arkivfoto).

Også i år er det mange spennande grupper å delta i for born og unge under «Festidagen», som til dømes «Pimp my bike», redesign, bogeskyting eller sminke- og flettekurs.

DEL

Festidalen har over fleire år tilbydd veldig kjekke og lærerike aktivitetar og kurs for born og unge gjennom «Festidagen». I år skjer Festidagen frå onsdag 27. juni til laurdag 30. juni. Dei som vil vera med på nokre av aktivitetane må melda seg på på førehand via Festidalen si nettside, og fristen er 15. juni. Det går an å melda seg på fleire grupper, og det er «førstemann til mølla»-prinsippet som gjeld, står det i pressemeldinga frå Festidalen. Laurdagen blir det eige Festidagen-show med «Småstjerner»-konkurranse for dei opp til 12 år som likar å stå på scena. I tillegg får dei som har vore med på dei andre gruppene visa fram kva dei har jobba med.

For dei eldste

Éi av gruppene er kalla «Makeup & Hair», og der vil Mathilde Petterson Mikkelsen, som jobbar som frisør på Stord, læra vekk grunnleggande sminketips for kvardags- og festsminke, og ulike fletteteknikkar. Denne gruppa er for dei mellom 13 og 18 år, har base på Uskedalen skule, og held på torsdag og fredag.

«Festauranten» er gruppa for dei mellom 12 og 18 år som likar å laga mat, og skal jobba torsdag i kjellaren på Helgheim. Etter ein travel turnévår rundar Anders Totland av sesongen med ein forrykande festaurantkveld i Uskedalen, og er klar for å læra vekk dei beste kokketriksa sine. I tillegg til å vera forfattar er nemleg Anders utdanna kokk, og har gitt ut kokeboka «Digg». Dagen blir avslutta med at deltakarane får invitera med seg seniorar, som får seg ei oppleving smakslaukane seint vil gløyma.

På gruppa kalla «Redesign» får unge mellom 11 og 18 år læra å sy nye designplagg av gamle klede, med kyndig hjelp frå Beate Solem Røssland med fleire. Gruppa jobbar torsdag og fredag på Uskedalen skule, og under Festidagen-showet på laurdagen kan dei som vil visa fram plagga dei har laga i eit moteshow.

Om du er liten og tynn eller stor og sterk, kan Festidagen i år tilby ein idrett som passar for alle, på gruppa «Bogeskyting» for dei mellom 11 og 15 år. Kvinnherad buejegerklubb stiller med bogar og blink, og Terje Bakke frå klubben leier kurset som skal føregå på kunstgrasbana i Uskedalen.

Ein annan kjekk fysisk aktivitet er klatring, og på klatregruppa vil Christoffer Fossli og Karsten Haugland ta deltakarane med på klatring i vakre Børsdalen, eller i Aktivitetshallen i Uskedalen om vêret er dårleg. Christoffer har vunne tre noregsmeisterskap i klatring, så her vil ein få kyndig rettleiing av ein profesjonell klatrar. Dei som vil delta på denne gruppa må vera mellom 12 og 16 år, og skal klatra på onsdagen.

For ulike aldrar

På gruppa «Character design» kan unge mellom 10 og 18 år læra å teikna figurar saman med kunstnar Espen Attramadal. Gruppa skal ha base i Uskedalen skule og halda på torsdag og fredag.

Mange har nok høyrt om Marimba-orkestera til Kvinnherad kulturskule, og i år som i fjor skal lærar Mauricio Weimar ha ei eiga marimba-gruppe på Festidagen. Han tar med seg fem marimba-instrument, og denne gruppa passar for unge mellom 10 og 18 år som likar energiske, afrikanske rytmar. Denne gruppa skal også ha base på Uskedalen skule, på fredagen og laurdagen.

«Sjakk-i-dalen» er gruppa for dei som er interesserte i sjakk. Torstein Monsen er leiar, og vil instruera både den lærde og ulærde med artige sjakkleikar, litt teori og tips til taktisk spel med meir. Det blir òg lagt inn ei lynsjakk-turnering i programmet. Denne gruppa er for unge mellom sju og 14 år, og skal halda på i Uskedalen skule på torsdagen og fredagen.

På gruppa «Nysirkus» kan dei som drøymer om å bli nysirkus-artist læra sirkusteknikkar som akrobatikk, gå på line, sjonglering og stylter av dei flinke instruktørane i Nysirkus Pilar frå Oslo. Denne gruppa skal halda på torsdag, fredag og laurdag i Aktivitetshallen. I år har Pilar med seg endå meir utstyr, og deltakarane mellom 9 og 18 år får visa fram kunstane dei har lært under Festidagen-showet.

Ei av gruppene har fått namnet «Pimp my bike», og på denne gruppa kan unge mellom ni og 18 år dekorera gamle syklar som skal pynta opp i festivalbygda. Dei som vil kan òg ta med eigen sykkel og «pimpa» eller «styla» den. Syklane skal dekorerast ved hjelp av maling, tråd og anna stæsj, som leiarane for gruppa Gina Ness Valvatna og Edel Legland trur kan bli knallkult. Denne gruppa skal jobba ute ved Aktivitetshallen på onsdagen.

Og apropos sykkel, Kvinnherad sykkelklubb stiller med eige telt på skuleplassen på torsdagen, og på denne sykkelgruppa deira blir det aktivitetar for store og små. Ein kan læra om stell og vedlikehald av sykkelen, det blir sykkelløype for dei minste med diplom, og dei litt eldre kan testa ut krafta i tråkket sitt på klubben sin sykkel som er kopla opp mot data og måleutstyr inni teltet. Det meste som skjer her krev ikkje førehandspåmelding, bortsett frå ei gruppe som skal sykla på landevegen ilag med ein instruktør. Dei som deltar vil læra korleis dei oppfører seg i trafikken, korleis ein syklar saman som ei gruppe, og andre ting som er lurt å vita.

For dei minste

Det vil også vera grupper for dei minste, som «mini-nysirkus». Her får deltakarane mellom seks og åtte år komma og sjå på og prøva seg på ulike sirkusteknikkar. Sjå meir info under gruppa for eldre lenger oppe.

På gruppa «Instrumentbygging» kan born mellom seks og 12 år laga seg instrument av forskjellig verdilaust materiale i lag med Gøril Skeie Sunde i Uskedalen skule på torsdagen og fredagen. Kva med å laga ditt eige trommesett, eller tommelpiano? Instrumenta blir laga av røyr, ballongar, tre, lokk, pinnar og liknande. For dei minste borna på denne gruppa kan det vera lurt å ha med seg ein vaksen som kan hjelpa.

I fjor kunne ungar òg vera med på instrumentbygging. Her ser du Isa Maria Guddal Husby, som fekk hjelp av mamma Maren til å laga ein regnstav, eit indianar-instrument som blei brukt for å kalla på regnet. (Arkivfoto).

I fjor kunne ungar òg vera med på instrumentbygging. Her ser du Isa Maria Guddal Husby, som fekk hjelp av mamma Maren til å laga ein regnstav, eit indianar-instrument som blei brukt for å kalla på regnet. (Arkivfoto).

Dei minste mellom tre og ni år kan vera med på gruppa «Yogaleik» med Marte Bakke i Helgheim på fredagen. Ho er barnehagelærar, og er sertifisert «Yogadance for kids and parents»-instruktør. I 2015/2016 tok ho yogalærar-utdanning i Viryayoga. Yogaleik er på borna sine premissar og dei lærer yogastillingar gjennom eventyr, song, dans og ulike leikar.

Artikkeltags