Martin og 11 andre skal kjempa om sigeren i Festitaren

Martin Femsteinevik stiller på lag med broren Otto Femsteinevik i Festitaren.

Martin Femsteinevik stiller på lag med broren Otto Femsteinevik i Festitaren. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Nok ein gong er det duka for ei tevling utan sidestykke i Uskedalen. Men i år skal dei unge og eldre håpefulle stridast om sigeren parvis.

Det er like sikkert som banken at laurdagen under Festidalen-helga står i tevlinga sitt teikn. Her ventar nemleg Festitaren, konkurransen som skal avgjera kven som er sterkast i bygda. Der deltakarane tidlegare har konkurrert individuelt er det i år duka for parvise tevlingar. Lista ligg høgt og konkurranseinstinktet er tilstades. Men kven er så desse som skal konkurrera?

Team Heien

Frå Utåker kjem Magne Heien saman med sonen Johannes, som med rå muskelkraft og pedagogisk samarbeid er klare til å gje alt for toppkarakter.

Team Femsteinevik

Hatlestrand stiller òg sterkt med - Martin Femsteinevik og veslebror Otto stillar mannsterke for å forsvare nordsida og familien si ære. Klarar skiskyttar-fantoma å hevda seg mot resten?

Team Sæle/Ramstad

Det er jo inga overrasking at Uskedalen stiller med sine eigne deltakarar. Elisabeth Sæle innehar intet mindre enn ei mastergrad i idrett, men kjem kan teori overførast til praksis? Med seg på laget har ho lovens lange, kanskje til og med muskuløse arm i form av kjærasten og politibetjent Lars Håkon Ramstad.

Team Hjelmeland/Bråtun

Johannes Hjelmeland har sikra seg uskedeling Kari Bråtun som lagkamerat. Klarar snikkaren frå Omvikdalen å byggja eit solid fundament med ski-entusiasten frå nabodalen? I skrivande stund ligg dei på toppen av avstemminga på Facebook-hendinga til Festitaren, men klarar dei å bevise at dei kan levere det folk forventar?

Team Guddal/Naterstad

Saman med mora Ingrid Guddal skal Jarand Naterstad gje alt for å ta sigeren i hus. Ingrid sjølv seier ho ikkje har noko særleg konkurranseinstinkt, men det spørst om ho ikkje må henta det fram likevel – i Uskedalen er det ingen kjære mor.

Team Guddal

Frå Rosendal kjem det sporty søskenparet Sara og Johannes Guddal, som er for underdogs å rekna i følgje avstemminga på Facebook. Eldstemann Johannes syner sommaren igjennom at han har stålkontroll på publikum under kvar ein baronikonsert. Klarar han å samarbeide med søstera eller vert det fiendtleg i fjæra?

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags