Kjartan Lauritzen og Black Debbath til Festidalen

ENDELEG: Kjartan Lauritzen kjem til Festidalen 2020. Det er det nok mange kvinnheringar som gler seg til. (Pressefoto).

ENDELEG: Kjartan Lauritzen kjem til Festidalen 2020. Det er det nok mange kvinnheringar som gler seg til. (Pressefoto).

Festidalen slepp to nye artistar til sommarens festival.

DEL

«Sjølvsagt skal rap og rock runga over sommarjordet på Dønhaug. Og det på festlegast mogeleg vis. Kjartan Lauritzen er ein av landets mest positive stemningsskaparar. Sogningen har, trass i sin unge alder, alt rukke å bli definisjonen på helg, vorspiel, fest og nachspiel. Gir deg opp med bængers som «Fredag», «Porno», «Fenomenet» og «Havanna» – låtar som kastar kva helg som helst inn i rett bane», står det i pressemeldinga frå Festidalen.

– Kjartan Lauritzen er ein kjernekar frå bygda. Og nett som oss kvinnheringar, så tek han ikkje seg sjølv høgtidleg. Og er det fest, så er det verkeleg det. På muntraste vis, meiner bookingansvarleg Daidalos Dahle.

Rockelegendar

Black Debbath har i to tiår skapt begeistring, latter, galskap, og rockeriff frå ei anna verd. Humor og headbanging i søt elskov. Reinspikka kvalitet og frisk kødding med politikk og alt levande og dødt. Sjølv meiner dei at verda står i brann, og at einaste helande kraft er deira karismatiske rock. Me er samde! Dette er først og fremst råbra rock. Men ingen band kler rocken opp i meir underhaldande drakt enn Black Debbath. Sett på «Den Femte Statsmakt», «Tons of Rock», «PILS!» og «Problemer Innad i Høyre». Det løftar fram både smil og sjølvkjensla», står det vidare i pressemeldinga.

Dahle karakteriserer bandet slik:

– Black Debbath set dagsorden. Dei hyller kvinner, Martin Schancke og Henrik Ibsen. Dei sparkar mot politikarar, monarkiet, system og haldningar. Dei smir riff i fandens flammar, dei kaukar himmelsk humor, og live så leverer dei eit rockesirkus der me alle er sjimpansar, løver og klovnar. Dei er den femte statsmakta. Og ingen ber fake tattoos så godt som dei!

«Med Gabrielle, AURORA, Black Debbath og Kjartan Lauritzen på plakaten luktar det herleg sommarfest lang veg. Årets superheite julegåvetips er altså berre klikk unna! Billettane er ute på juletilbod, så røsk med deg ein til nokon du verkeleg er glad i» avsluttar Festidalen pressemeldinga.


Artikkeltags