For fjerde år på rad trør venninnene Bente og Tove til i Festidalen sitt fellesskap

Tove Skår (t.v.) og Bente Haugen gler seg til å gjera ein innsats for Festidalen igjen. Her er dei rett nok fotograferte i Omvikdalen, og for få litt Festidalen-stemning i bildet, er dei plasserte framfor ein Gaute Haugland-teikning som er å sjå på ei løe der.

Tove Skår (t.v.) og Bente Haugen gler seg til å gjera ein innsats for Festidalen igjen. Her er dei rett nok fotograferte i Omvikdalen, og for få litt Festidalen-stemning i bildet, er dei plasserte framfor ein Gaute Haugland-teikning som er å sjå på ei løe der.

DEL


For å ta det viktigaste først: Festidalen treng fleire frivillige for å gjennomføra årets festival, 28.–29. juni. Frivilliggeneral Lene Gjuvsland Skjelnes oppmodar interesserte om å melda seg via Festidalen si heimeside, eller ved å ta direkte kontakt.

– Vi treng fleire frivillige og det er berre å melda seg med éin gong, lyder oppmodinga frå Skjelnes.

Og to som verkeleg kan anbefala folk til å vera med på festivaldugnaden, er Bente Haugen (Rosendal) og Tove Skår (Seim). Dei forsikrar interesserte at dei frivillige er festivalentusiastar i nær sagt alle aldrar. Ungdomar, vaksne og godt vaksne. I tillegg til kvinnheringar, er det òg frivillige som kjem frå andre stadar.

– Eg vart overraska over at det var såpass mange med grått hår, seier Haugen.

– Kvifor er det kjekt å vera med?

Dei to kvinnene tenkjer seg om. Både orienteringsmøtet i forkant, den gode dugnadskjensla, lagånda som samlar Kvinnherad og den glade stemninga på festivalen blir trekt fram.

– Det er positivt frå ende til annan, seier Skår.

– Og berre kjekke opplevingar, legg Haugen til.

Begge har lang fartstid frå barnehagesektoren og for tida jobbar begge i Omvik-dalen barnehage. Det var ein anna ringrev innan den kommunale oppvekstsektoren, Astri Måkestad, som fortalde kor kjekt det er å vera Festidalenfrivillig, og dermed fekk lokka Bente og Tove med.

– Det er veldig kjekt å treffa igjen folk som vi ein gong kjende som barnehageungar. I løpet av festivaldugnaden blir det mange gode gjensynsklemmar, fortel dei to.

– Publikum blir berre blidare og blidare utover kvelden, og vi blir løfta og klemde og forgylte når folk skal heim. Det er éin gong i året vi får så mange gode klemmar, ler Haugen.

– Er det kanskje derfor vi er med? fleipar damene innimellom latterkulene.

Dei to Festidalen-venene set òg stor pris på at opplegget for dei frivillige er skikkeleg.

– Festivalleiinga gjer ein strålande jobb med oss frivillige – vi blir godt tatt vare på med pausar og mat. Og så er det eit proft vaktselskap som tar seg av det som skjer av eventuelle ubehagelege episodar – så det er trygt og godt å vera frivillig, fortel Haugen og Skår.

Dei set òg pris på at Festidalen har eit klart og ryddig reglement for dei frivillige, slik at ein ikkje treng å lura på så mykje.

– Det er rett og slett kjekt å vera med på denne dugnaden. Det er nokre timar i livet – og det er kjekke timar! smiler Haugen og Skår.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags