Kvelertak og ISÁK til Festidalen

To nye band er klare for Festidalen, melder arrangørane.

DEL

Kvelertak kjem til Festidalen rett frå konsert saman med Foo Fighters, noko som seier sitt. Kvelertak er eitt av landets mest vitale rockeband. Ein kvar konsert er ein detonasjon i festrock og sjangerkryssing, med punk, prog, 70-tals-heavy og fullt kok på scena, skriv Daidalos Dahle i Festidalen i ei pressemelding.

Fersk Stjernekamp-vinnar Ella Marie og bandet hennar, ISÁK, hylla Mari Boine under Spellemannsprisen, så under Stjernekamp. Musikken kryssar sjangrar og finn eigne uttrykk i sine vandringar på tvers. Med tradisjonell joik, urbane synthar, tekstar på både samisk og engelsk, utfordrar og utviklar ISÁK den norske pop-scena, meiner Festidalen.

Slik ser den førebelse Festidalen-plakaten ut, viss du ikkje har fått det med deg:

Fredagen speler Hit for Hit, Gåte, Miss Tati, Iris og Kvelertak.
Laurdagen speler ISÁK, Kriminell Kunst, Moyka og Highasakite.

Neste veke annonserer Festidalen dei to siste artistane til årets festival.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags