– Kjekkare dugnadsarbeid finst ikkje!

Å vera frivillig under Festidalen betyr at du får mange nye vener. For tilflyttarar som Hilde Elise (t.h.) er det ein genial måte å byggja nettverk på, trur ho. Det kan Odd Henning (t.v.), som har vore frivillig nesten frå starten, bekrefta.

Å vera frivillig under Festidalen betyr at du får mange nye vener. For tilflyttarar som Hilde Elise (t.h.) er det ein genial måte å byggja nettverk på, trur ho. Det kan Odd Henning (t.v.), som har vore frivillig nesten frå starten, bekrefta.

Det meiner desse to, som begge er frivillige for Festidalen. Hilde Elise for første gong, medan Odd Henning er for frivillig-«veteran» å rekna.

DEL

Odd Henning Saghaug (37) har faktisk vore med som frivillig i alle år heilt sidan den spede starten på festivalen. Eller, det vil seia, det aller første året, i 2003, var han invitert på det som eigentleg var ein venners-venner-fest, men som blir rekna som den første utgåva av Festidalen. Då var han publikummar.

– Året etter spurde eg om dei hadde bruk for meg. Eg hadde jo tømrarutdanning og lastebil-sertifikat, og det meinte dei kom godt med. Sidan har eg vore med på laget, smiler Odd Henning.

Hilde Elise Førde-Tislevoll (32) kjem eigentleg frå Sunnfjord, men budde mange år i Bergen. I 2012 drog ei venninne ho med på Festidalen, og der trefte ho Christian, sin framtidige ektemann. I 2015 gifta dei seg faktisk på festivalområdet Dønhaug, og i 2016 fekk dei barn i lag. I vinter flytta paret til Christian si heimbygd Herøysund.

– Eg meldte meg som frivillig sjølv. Eg har alltid vore glad i frivillig arbeid, for det er ein fin måte å byggja nettverk på. I tillegg har eg tidlegare jobba med booking og artistar.

Spennande oppleving

– Kva har det gitt deg å vera frivillig i så mange år, Odd Henning?

– Eg har blitt kjend med veldig mange kjekke folk, og så har eg hatt noko kjekt å gjera på om sommaren. No er organiseringa blitt så proff òg, at vi som er frivillige får tid til å vera sosiale undervegs, og i tillegg er vi ferdige å rigga ned etter festivalen berre nokre dagar etterpå. Det er fordelen med å vera mange, då blir det mindre slitasje på kvar enkelt frivillig.

Som nytilflyttar til kommunen gler også Hilde Elise seg til å bli kjend med nye menneske.

– Etter å ha vore publikummar i fleire år får eg no sjå den andre sida. Det blir spennande. Det er mange bra band i år, og eg gler meg spesielt til Lars Vaular. Eg håpar jo eg får det veldig kjekt, at det blir ei spennande og ny oppleving, smiler ho.

– Det får du garantert, legg Odd Henning til.

Treng fleire

Odd Henning si rolle som frivillig er å transportera utstyr fram til sjølve festivalen startar, og i tillegg «artistpleie» i Dønhaugkjellaren på dei to festivaldagane. Hilde Elise skal også vera på gruppa som driv med artistpleie backstage.

– Eg er litt som ei «potet» og kan brukast til alt, smiler ho.

– Det som er så bra med dei ulike gruppene og slik det er organisert, er at vi frivillige får rullera på oppgåvene og der vi står. Dermed slepp du å stå meir enn nokre få timar på ein plass viss du ikkje vil det.

Vi spør dei to kva som eigentleg er «greia» med Festidalen, og kvifor festivalen er blitt så inkluderande.

– Det er jo rock, fjell og kjærleik! ler Hilde Elise.

– Ja! Og så er det ein stor og viktig møteplass for kvinnheringane og andre. Mange av vennene mine er med som frivillige, og andre kjenningar møter eg på festivalområdet. Og alle er så glade og fornøgde at det heile berre er knallkjekt å få delta i! Men vi treng fleire hender, så eg håpar fleire vil melda seg som frivillige. Alle kan vera frivillige her, alle er velkomne. Og via skjemaet du finn på heimesida kan du skriva kva oppgåve du helst vil bidra til, og så prøver vi å tilpassa det til kvar einskild, seier Odd Henning.

Dei minner om at det ikkje er så lenge til årets utgåve av Festidalen, som i år er flytta til helga 28.–30. juni.

Artikkeltags