Manglar 100 frivillige: Fekk nei til riggehjelp av kommunen

MANGLAR 100: Festidalen har bede kommunen vurdera å senda eit kommunalt arbeidslag for å rigga opp scenen før årets festival. Her ser vi scenen i fjor. (Foto: Lars Martin Teigen).

MANGLAR 100: Festidalen har bede kommunen vurdera å senda eit kommunalt arbeidslag for å rigga opp scenen før årets festival. Her ser vi scenen i fjor. (Foto: Lars Martin Teigen).

Kommunedirektøren svarar nei på Festidalen sin førespurnad om hjelp til å rigga til scenen før festivalen.

DEL

Festidalen-leiar Una Kolle har i eit brev til kommunen bede kommunen vurdera om dei kan stilla med eit kommunalt arbeidslag for å rigga opp scenen før årets festival. Bakgrunnen for dette er at det i år har vore ekstra vanskeleg å skaffa nok frivillige til Festidalen. Ho reknar at dei no manglar over 100 frivillige for å få kabalen til å gå rundt.

Nei

Svarbrevet frå kommunen er ført i pennen av Torstein Aarthun, som forklarer at leiinga har drøfta dette, men at kommunedirektøren må svara negativt til førespurnaden. Dette fordi dette kan skapa presedens, og kommunen peikar på at likebehandling overfor alle liknande organisasjonar er viktig og styrande.

– Vi manglar fortsatt mange frivillige, seier Una Kolle og legg til at dette året har det vore tyngre å skaffa folk.

Ho fortel at viss ein ynskjer å ha så store arrangement i kommunen, må kanskje kommunen og bedrifter ta i eit tak, sjølv om ho hadde venta seg dette svaret frå kommunen og har forståing vurderinga.

Nærmar seg

– Festidalen byrjar å nærma seg. Det er jo slik at vi ikkje ynskjer å masa på folk, vi vil at dei skal gle seg til festivalen. Men vi treng framleis frivillige hovudsakleg til laurdagen, samt scenerigging både før og etter festivalen.

Kolle peikar samstundes på at når alt skal bli gjort på frivillig basis så krev det stor innsats frå mange aktørar.

– Dersom til dømes bedrifter kunne tenkja seg å sponsa med folk, hadde det vore flott! avsluttar Festidalen-leiaren.

Artikkeltags