Del ditt beste minne frå Festidalen – vinn helgepass!

Har du eit godt minne frå Festidalen kan du senda det inn og vinna helgepass! Her frå i fjor. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

Har du eit godt minne frå Festidalen kan du senda det inn og vinna helgepass! Her frå i fjor. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

Festidalen og Kvinnheringen ønskjer å gi vekk to helgepass til årets festival 28. og 29. juni. Send oss ditt beste Festidalen-minne og bli med i trekninga!

DEL

Festidalen har slagordet «#ROCK #FJELL #KJÆRLEIK». Dei som har vore på festivalen i Uskedalen eitt eller fleire år, har nok mange gode minne frå sosialt samvær og gode musikkopplevingar.

Vi vil du skal skriva om ditt beste minne frå Festidalen, og det kan vera frå dei første åra den blei arrangert, eller eitt av dei siste. Møtte du kjærasten din på Festidalen? Jobba du som frivillig og trefte mange kjekke folk? Fekk du oppleva favoritt-bandet ditt live? Fekk du nye vener på Festidalen sin camp?

For å vera med i trekninga må du skriva nokre setningar om det beste minnet ditt, og legga ved eit bilde av deg sjølv. Viss bildet er i Festidalen-samanheng, er det endå betre! Nokre av historiene og minna kan komma på trykk eller på nettavisa til Kvinnheringen, og fristen for å delta i konkurransen er måndag 17. juni. Send bilde og tekst til redaksjon@kvinnheringen.no.

Vinnaren av dei to helgepassa blir trekt onsdag 19. juni.

Artikkeltags