Lambasleppet: Woodseth vann Festidalen-stipendet

Glade vinnarar: Det var nærast ein millionglis på dei tre musikarane i Woodseth. Valejenta Marion Skogseth hadde med seg Alf Vaksdal (i midten) og Marius Hansen på scena.

Glade vinnarar: Det var nærast ein millionglis på dei tre musikarane i Woodseth. Valejenta Marion Skogseth hadde med seg Alf Vaksdal (i midten) og Marius Hansen på scena. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det var ingen ringare enn Woodseth, bandet med valebuen Marion Skogseth i front som stakk av med Festidalen-stipendet på 50 000 krroner under Lambasleppet torsdag.

– Eg vart svært overraska, men det var veldig deileg, sa Marion Skogseth like etter stipendet var i boks.

Saman med Alf Vaksdal og Marius Hansen leverte ho ei så solid konsertoppleving at dommarane gav dei det vidgjetne stipendet.

– Det er utruleg bra med slike tiltak som Lambasleppet og dette sti-pendet. Musikkbransjen er dyr og dette kjem vi langt med, sa Skogseth.

Dei har alt vore ein tur over dammen til USA for å spela inn musikk, og no ønskjer dei å setja inn eit ekstra gir for å spreia musikken sin vidare.

– Vi vil bruka bransjefolk til å pitcha musikken vår inn til diverse lister, radiostasjonar og management. Noko vil vi bruka til per og marknadsføring, men på sikt kjem vi òg til å kjøpa litt utstyr slik at vi live kan bli enno betre.

Skyhøgt nivå

Totalt var det sju band som saman kniva om dei tre premiane; stipendet på 50 000 kr, spelejobben på bransjefestivalen 100 Dagar og speletid i Studio ABC i Etne. Studiotida gjekk til Linn frå Haugesund, medan Symra stakk av med spelejobben på Stord-festivalen. Det kan ikkje ha vore enkelt å kåra vinnarane for, som dommar og bookingsjef Daidalos Dahle så fint sa det, det var eit sky-høgt nivå på scena.

Den elektroniske Husnes-duoen TwoFace, beståande av Brede Grønningen Jr. og Lasse Digranes hadde på førehand lova at dei skulle skapa liv og show på scena.

– Det kjentes fantastisk å stå på scena og det gjekk betre enn forventa. Det kjentes veldig naturleg veldig tidleg, og det gav ein skikkeleg sjølvtillitsboost, sa Digranes like etter konkurransen.

Sjølv om det ikkje gjekk deira veg denne gongen var dei ikkje gått heilt i kjellaren av den grunn.

– Vi er veldig fornøgde med konkurransen, og dei er verdige vinnarar alle saman. Vi gjer oss ikkje vi uansett, slutta dei.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags