Desse blide damene møter deg på Festidalen sitt festivalkontor

Ellen Teigen og Karoline Neset er klare til å hjelpa folk med alt mogleg Festidalen-relatert på festivalkontoret.

Ellen Teigen og Karoline Neset er klare til å hjelpa folk med alt mogleg Festidalen-relatert på festivalkontoret.

På Festidalen sitt eige festivalkontor på gamleskulen i Uskedalen blir du møtt av to blide damer som både kan gi deg armband og selja deg tøffe Festidalen-effektar.

DEL

Festivalkontoret opna på onsdag, og då Kvinnheringen stakk innom møtte vi Ellen Teigen og Karoline Neset.

– Ho oss kan du bytta billetten din inn i armband så du slepp køen når du skal inn på festivalområdet, kjøpa deg billett viss du ikkje allereie har, få program og informasjon, eller kjøpa deg knalltøft Festidalen-stæsj! reklamerte dei, og viste oss forskjellig «merchandise» som det heiter på fagspråket. Ellen var sjølv ikledd ein mjuk genser med påtrykket «Tru du er noko», eitt av Festidalen sine slagord.

– Den passar perfekt viss du frys litt utpå kvelden, og sidan den er svart og kvit passar den til alt og kan brukast heile året, blunka Ellen.

Årets t-skjorter har artistane som speler under årets Festidalen trykt på, og elles kan ein kjøpa Festidalen-solbriller, handlenett, gymbag, caps, sydvest og ladebank til mobiltelefon.

– Har de ikkje støvlar i år?

– Nei, faktisk ikkje. Vi er evige optimistar, og satsar på sol! Men skulle det komma regn har vi jo regn-poncho og sydvest.

Førstemann innom festivalkontoret denne føremiddagen var Rune Jacobsen, som ville nytta høve til å bytta billetten sin inn i armband.

Rune Jacobsen stakk innom Festidalen sitt festivalkontor for å bytta billetten sin inn i armband, og fekk hjelp av Karoline Neset.

Rune Jacobsen stakk innom Festidalen sitt festivalkontor for å bytta billetten sin inn i armband, og fekk hjelp av Karoline Neset.

– Eg gler meg mest til laurdagen, og å sjå Raga Rockers og Fagernes Yacht Club. Og så gler eg meg til å bu på campen! Det gjorde eg i fjor òg, og det var knallbra stemning der, fortalde Jacobsen.

– Å vera frivillig her på festivalkontoret er knallkjekt, for du får snakka med så mange fine folk! Både turistar og kvinnheringar kjem innom oss, fortel Karoline.

Artikkeltags