Gåte til Festidalen

Etter 12 års pause dukka folk-rock-bandet Gåte opp i rampelyset igjen. Grunnstammen i bandet er det same, søskena Gunnhild og Sveinung Sundli, og Magnus Børmark. Dei har fått med seg Jon Even Schärer og Mats Paulsen på trommer og bass. (Foto: Ole A. Ekker).

Etter 12 års pause dukka folk-rock-bandet Gåte opp i rampelyset igjen. Grunnstammen i bandet er det same, søskena Gunnhild og Sveinung Sundli, og Magnus Børmark. Dei har fått med seg Jon Even Schärer og Mats Paulsen på trommer og bass. (Foto: Ole A. Ekker). Foto:

DEL

– Gåte er eitt av dei banda eg oftast har fått ønskje frå publikum om å booka, ofte flankert av argumentet «tenk deg den musikken og den stemma i desse kulissane»! skriv booking-ansvarleg Daidalos Dahle i ei pressemelding.

Bandet blei starta av søskena Sundli – Sveinung og Gunnhild – i 1999. Den unike kombinasjonen av tradisjonell folkemusikk og eksplosiv, progressiv rock tok dei snart frå øvingar i kjellaren til nokre av dei største scenane i Skandinavia. Mellom 2001 og 2006 gav spektakulære live-show, to studioalbum, to EP-ar og eit live-album bandet stor suksess. Og etter ein 12 år lang pause gjenoppstod bandet i 2017.

– Det er bindinga mellom den hypnotiske huldrestemma, den forlokkande og fandenivoldske fiolinen og rocken som sender publikum ut i syndig dans. Dette er trolsk, storslått og rått. Medrivande og mektig. Sjå fram til hits som «Sjå Attende», «Kom no Disjka» og «Bannlyst»! skriv Dahle om Gåte.

Han kan elles informera om at sommarens festivalprogram nesten er ferdig forhandla.

– Med Gåte no, saman med Kriminell Kunst og Highasakite, viser Festidalen igjen at dei ønskjer pop, hiphop og rock i «fri dressur» på jordet, meiner Dahle.

Og han lovar mykje meir framover. Neste slepp kjem allereie torsdag kveld, og det er opningskonserten fredagen:

– Eit lite hint: Dette er ikkje noko vanleg band, meir eit show. Og no vil det komma jamne drypp med artistar framover, lovar Dahle.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags