Highasakite ein av hovudartistane til Festidalen 2019

Highasakite kjem tilbake i Kvinnherad, større og betre enn nokon gong. (Pressefoto).

Highasakite kjem tilbake i Kvinnherad, større og betre enn nokon gong. (Pressefoto).

Første bandslepp for Festidalen 2019 er eit faktum.

DEL


– Endeleg er Highasakite klar for turné igjen, endeleg strør dei rundt seg med nye låtar, og endeleg kjem dei tilbake til Festidalen! Til sommaren er det sju år sidan Highasakite stod på Festidalen-scena. Dette var før deira store gjennombrot, og ein av dei første festivaljobbane til bandet. Det var lyst, og scena var spartansk rigga. Men då som no, var musikken ut av ei anna verd! Til sommaren speler dei i nattestimane, og scena vert rigga med feite effektar. Og me er rigga for fest og feel-good! skriv bookingansvarleg Daidalos Dahle i pressemeldinga frå Festidalen.

Bandet har mange store hits, som til dømes «Golden Ticket», «Lover, Where Do You Live?», «Samurai Swords». Sidan dei spelte i Kvinnherad sist, har bandet reist i livet, vakse brutalt og løfta seg til svimlande høgder, skriv Dahle.

– Då er det sjølvsagt på høg tid at dei svevar vår veg. Denne natta kjem ingen til å gløyma, meiner han.

1. februar slepp Highasakite sitt fjerde album, «Uranium Heart». Dei fire første singlane er alt sleppte, og har toppa radiolistene i vekevis. Highasakite har alt millionar av streams, og vert løfta fram i alle settingar. Tv-shows, filmmusikk, Nobelkonserten:

– Det tyt prisar ut av øyro deira. Alt dette er lett å forstå når du opplever Ingrid Helene Håvik og resten av gjengen live. Massivt og majestetisk. Elegant og effektivt. Deilig og dansbart! står det i pressemeldinga.

Festidalen minnar elles om at såkalla «early bird»-festivalpass blir lagt ut i dag, og er i sal fram til jul.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags