Festidalen hyller kvinnene – slepp tre nye artistar

Vilde Iris Hartveit Kolltveit er kjent under artistnamnet IRIS. I sommar speler ho på Festidalen. (Pressefoto).

Vilde Iris Hartveit Kolltveit er kjent under artistnamnet IRIS. I sommar speler ho på Festidalen. (Pressefoto).

I høve kvinnedagen i morgon slepp Festidalen tre nye, kvinneleg artistar til årets festival: Iris, Moyka og Miss Tati.

DEL

– Verdas beste dag er her. Den burde vore ein gong veka, minst! Fornufta, engasjementet og kunna bur i jentene. Eit klart fleirtal av våre frivillige er kvinner. Dei fleste gruppeleiarane våre er kvinner. Me har sterke kvinner i styret og me har kvinneleg styreleiar. Det er mange driftige menn i Festidalen, men me har forståing for at me berre er nyttige idiotar for det motsette kjønn. Det har me akkurat nok hjernekapasitet til å innsjå, skriv bookingansvarleg Daidalos Dahle i ei humoristisk pressemelding frå Festidalen, som hyllar kvinnene nettopp i dag.

Og i høvet kvinnedagen meiner han det fell heilt naturleg for festivalen å sleppa tre nye kvinnelege artistar:

– Miss Tati kjem attende for å senda heile jordet ut i sexy dans, medan Iris og Moyka kjem for å visa oss kor herleg framtida ser ut, skriv Dahle. Dei to sistnemnde er artistar han meiner kjem til å opna auge og øyre i både inn- og utland, noko dei alt er godt i gong med.

– 2019 er året dei verkeleg hever stemma, steler mediebildet og drar publikum til scenekanten. Iris og Moyka er den nye vinen, Miss Tati er ein eksotisk daiquiri ein treng hyppig påfyll av. Frå før har Festidalen Highasakite og Gåte på plakaten. Band fronta av dei tøffaste jentene i klassen. I år som i fjor stiller omlag halvparten av banda med kvinner i fokus! skriv Dahle.

Litt om dei tre siste artistane til årets Festidalen:

Sjølv om Iris berre er 22 år, er ho allereie blitt ein snakkis i det store musikkmiljøet, og varmar for tida opp for Aurora. Og Geir Luedy, mannen bak Aurora og Sigrid, er no mannen bak Iris. Første singel hamna rett på P1, P3 og P13, samt svensk radio. Ho lagar fin og smart moderne elektropop, skriv Dahle.

Moyka slepp sjølvsagt sin første singel på kvinnedagen, og det etter braksuksess på by:larm førre veke der heile musikknorge fekk augo opp for artisten. Ho produserer musikken sin sjølv, og er eit imponerande modent talent.

Miss Tati spelte på Festidalen i 2016, og leverte topp stemning. No, med nokre milliardar konsertar i bagasjen, er ho betre enn nokon gong. Ho er angolsk, portugisisk og norsk. Musikken er Hiphop, soul og RnB.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags