Også i år inviterer Festidalen til næringslivsseminar, og denne gongen er trekkplasteret blant anna Lars Monsen.

Fredag 4. august, som ein del av Festidalen sine mange tilbod, blir det arrangert næringslivsseminar i aktivitetshuset i Uskedalen. På årets seminar opnar Festidalen opp for aktørar som bidrar til å skapa eventyr for deg og meg.

– Du får møta aktørar som på kvar sine vis gir oss tilgang til dette vidstrakte landet vårt, og ikkje minst korleis ein både kan nytta naturen, og samtidig leva av den. På seminaret vil du få eit mangfald som presenterer sjø, fjell og natur. Me i Festidalen elskar det, og gjennom Næringslivsseminaret har me fokus på det me likar best; Rock, fjell, kjærleik, skriv Festidalen i ei pressemelding.

Desse skal halda føredrag på Næringslivsseminaret:

Rosendal event

Ekteparet Sjur og Laila Langesæter etablerte seg i 2016 med eige selskap, Rosendal event. Korleis gjera det ein likar aller best og samtidig gjera det om til noko å leva av? Møt ekteparet som har følgd draumen om å leva tett på naturen og får opplevingar som me alle skulle hatt kvar dag.

NCE Tourism – Fjord Norway

«Norway in a nutshell» har blitt eit omgrep som mange er kjende med. Fjord Norway har sett det ut i live, og står bak ei eventyrleg satsing på dei fire vestlandsfylka. Selskapet har som mål å bli det mest profesjonelle destinasjonsselskapet i Europa, og gjera Fjord Noreg til verdas mest attraktive reisemål for natur- og opplevingsferiar. No kjem dei hit, og vil setja Uskedalen på kartet.

Lars Monsen

Mannen som likar seg betre i soveposar enn i senga si, mannen som omgir seg med natur, bjørnar og ulvar, mannen som har gått Norge og Alaska på langs, delteke i Iditarot og Finnmarksløpet fleire gonger. Mannen som tek med seg funksjonshemma på tur og gir dei ei mestring ingen skulle tru dei hadde i seg. Lars kjem hit, Lars Monsen, til Uskedalen, til Næringslivsseminar! Han vil dela av sine erfaringar, om korleis ein kan setja seg høge mål, tora å vera annleis, tøya eigne smertetersklar samtidig som ein skal visa lagånd, halda på gode verdiar og overvinna eigne motførestillingar om kva ein kan meistra. Det er som teke ut av ei lærebok om leiing. Uansett, me gler oss. Dette blir vilt og vakkert. Kom og høyr Lars sitt foredrag om at «Alt (faktisk) er mulig».

Color line

Me har sikkert alle vore der, reist frå Bergen til Newcastle, teke båten frå Kristiansand til Hirthals, eller kanskje me berre tok turen frå Sandefjord til Strømstad? Color line er Norges største cruise- og godsselskap, og sysselset i dag 2.300 personar. Color line vil representera det våte element på næringslivsseminaret og ta deg med på cruise i ein gymsal. Me kjem, kjem du?

Bergen2017 (Sykkel-VM)

Erik K. Halvorsen kjem og skal snakka om VM. Tenk eit VM her, i vårt heimfylke, eitt av dei største sportsarrangementa i verda! Hovudutgongspunktet for arrangementet er å ha fokus på sykling, Bergen, fjordane rundt, vestkysten og feiring. Saman utgjer dette ein folkefest som vil visa Norge fram frå si beste side, samtidig som det blir skapt konkurranse og spenning i landets vakraste by.

Føredragskro med fagleg tyngde

Føredragskroa til Festidalen fyller igjen Helgheim med ekspertar for å gje deg fagleg tyngde blant agurknyhenda i sommarferien.

Kroa blir arrangert i to delar, torsdag kveld, og laurdag på dagtid.

– Og i år har me ikkje spart på «tungvektarane». Innanfor sine felt vil dei ulike innleggshaldarane prøva å svara på det brennheite spørsmålet: Kven har makt i 2017? skriv Festidalen i pressemeldinga.

Kampen om Hardanger

Torsdagskvelden blir innleia av høgsterettsadvokat og Al Gore-ven, Pål W. Lorentzen, med ei drøfting om korleis norsk lov regulerer kraftutbygging i naturen. Så kjem regissør Vigdis Nielsen og aksjonist Synnøve Kvamme for å snakka om den politiske dokumentarfilmen «Kampen om fjordane», som vann publikumsprisen under Eurodok i fjor. Me har høyrt det mange gonger før: Ein måtte sikre straumforsyninga til Bergensregionen. Då var kraftleidning frå Sima til Samanger det beste alternativet meinte dåverande energiminister, Terje Riis-Johansen. Men sindige hardingar gjer seg ikkje utan kamp. Dokumentaren følgjer aksjonistane og lokalbefolkninga i kampen mot myndigheitene og Statnett. «Kampen om fjordane» viser den vakre naturen iblanda stemningsfull musikk frå Hans Petter Molvær.

Kvelden blir avslutta med paneldebatt og samtale mellom Torstein Monsen, Lorentzen, aksjonist Kvamme og regissør Nielsen.

Sjakk, forsvarsmakta i Norge og USA sin president

Føredragskroa laurdag blir innleia med eit «bonusføredrag» av sjakk- og Russlandsekspert, Atle Grønn. Han kjem til Kvinnherad proppfull av anekdotar om den spesielle sjakkverda og -historia. I 2016 kom han ut med boka «Sjakken eller livet. En reise i sjakkens unike skjebner, historie og kultur».

Etterpå kjem Oberstløytnant Harald Høiback med føredraget «Den norske forsvarsmakta i 2017: Vise musklar eller reell forsvarsmakt?». Spørsmålet om Norge treng eit forsvar i 2017 har Høiback prøvd å svara på i boka «Forsvaret – et kritisk blikk fra innsiden». Kanskje kan publikumet i Helgheim kjenna seg igjen i debatten me har hatt i Kvinnherad om vårt eige Heimevernsdistrikt.  Føredragskroa laurdag blir avslutta med sjølvaste Joar Hoel Larsen. Utanrikskorrespondenten kjem rett frå Washington D.C. for å tilby kvinnheringane ein rykande fersk situasjonsrapport frå USA, og siste nytt frå sagaen om øvstkommanderande Trump. Med stø analysar geleida han sjåarane til NRK gjennom den historiske valnatta 8. november 2016 og innsetjinga av Donald Trump 20. januar. No skal Kvinnherad få si heilt eiga forteljing om Trump sitt USA.