Inviterer til møte med Festidalen

Ordføraren vil gjerne ha enno tettare samarbeid med Festidalen. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen)

Ordføraren vil gjerne ha enno tettare samarbeid med Festidalen. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen)

DEL

Sveinung Pile skreiv eit lesarinnlegg i Kvinnheringen i går at han sakna meir samarbeid med kommunen. Det vil gjerne ordføraren ha.

Ordførar Peder  Sjo Slettebø har i den samanheng send ut ei pressemelding der han presiserer at kommunen gjerne vil ha eit utvida samarbeid med Festidalen.

– Festidalen er svært viktig for Kvinnherad. Dette er det største årvisse arrangementet vi har, det samlar folk frå alle aldersgrupper og alle bygder, og det kjem mange tilreisande til Kvinnherad denne helga.  Kvinnherad kommune ser det som svært viktig at Festidalen kan utvikla seg vidare, og at festivalen har gode vilkår. Det unike frivillige engasjementet er imponerande, og Festidalen er samlande for heile Kvinnherad, melder ordføraren

Lei seg

Han er lei seg for at det dette året er blitt kontroversar, og påpeikar at han ved fleire høve har gitt uttrykk til festivalleiinga at kommunen gjerne ser eit utvida samarbeid med Festidalen.

– Etter den siste tids debatt ser eg at det er naudsynt å konkretisera dette. Eg inviterer difor Festidalen i tida fram mot neste festival til å saman med kommunen etablera eit tettare samarbeid. Her er det fleire vi kan læra av, og vi treng ikkje dra lenger enn til vår nabokommune Tysnes for å finna ein festival som i svært nært samarbeid med kommunen har skapt stor suksess med Tysnesfest, seier ordføraren i pressemeldinga.

I samarbeid med min kollega Kåre Martin Kleppe i Tysnes inviterer eg difor no i første omgang Festidalen til eit felles møte med Kvinnherad kommune, Tysnes kommune og Tysnesfest. Dette vil finna stad på Tysnes 13. november.

– Eg vonar eit slikt møte, der Tysnes vil dela sine gode erfaringar med oss, kan vera startskotet på eit langt tettare og ikkje minst fruktbart samarbeid mellom Kvinnherad kommune og Festidalen.

Ordføraren håpar det ikkje er tvil om at Festidalen har kommune og lokalsamfunn i ryggen og håpar festivalleiinga vil sjå positivt på dette initiativet frå kommunen.

Artikkeltags