No er det bekrefta – Festidalen blir arrangert til neste år òg

Slik såg det ut under årets Festidalen på fredagen. (Foto: Lars Martin Teigen).

Slik såg det ut under årets Festidalen på fredagen. (Foto: Lars Martin Teigen).

Etter eit vel gjennomført 2019, har styret i Festidalen vedteke å halda fram. Neste år går arrangementet av stabelen den 26. og 27. juni.

DEL

Det kjem fram i ei pressemelding onsdag føremiddag.

Å arrangera festival på dugnad er som dei fleste skjønar krevjande, og det var derfor ikkje sjølvsagt at styret kom til å halda fram.

Les også: Festidalen går med overskot, likevel er framtida usikker

Men no er det altså vedteke, til glede for musikkfrelste kvinnheringar i heile kommunen.

– Jordet var bada i sol og godstemning under årets arrangement. Artistar som Highasakite, Kvelertak, Gåte, ISÁK og Janove sytte for dei forventa høgdepunkta, medan dei mindre kjende artistane som Kriminell Kunst, Miss Tati, Moyka, iris og Real Ones fekk det til å kribla i nysgjerrigheita til kvinnheringane. Hit for hit stod for årets latterkuler. Etter eit fantastisk 2019, jobbar gjengen i Festidalen for eit endå betre 2020! står det i pressemeldinga.

Datoen er òg sett – Festidalen neste sommar blir 26. og 27. juni.

– Eventyret Festidalen starta alt 2003. Reisa har vore lang og kronglete, men alltid med ei djup framtidsoptimisme. Ønsket om å gi kvinnheringane ein nydeleg møteplass med både etablert, uetablert og moderne musikk er drivkrafta. Lukta av grill og gras. Synet av fjorden og fjella. Lyden av feit musikk. Og smaken av samhald og sommar, det er det som er Festidalen. Dønhaug er eit kvinnhersk paradis. At Magne og familien opnar grinda for folk og fe år etter år, er ei gåve til oss alle! avsluttar Festidalen i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags