BKK blir hovudsponsor for Festidalen

F.v. Una Kolle i Festidalen, ordførar Peder Sjo Slettebø og Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK. (Foto: Lars Martin Teigen).

F.v. Una Kolle i Festidalen, ordførar Peder Sjo Slettebø og Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK. (Foto: Lars Martin Teigen).

Festidalen har inngått ein samarbeidsavtale med BKK, som går inn som hovudsponsor for den populære festivalen i Kvinnherad.

DEL

Det melder Festidalen i ei pressemelding.

– Eg er svært glad for at BKK no går inn som hovudsponsor for Festidalen. Festidalen er eit samlande og viktig arrangement for Kvinnherad, og bidreg til å setja kommunen på kartet gjennom gode opplevingar i unike omgjevnadar. At BKK allereie no følger opp lovnaden om å vera aktivt til stades i lokalsamfunnet, viser at kommunen har valt ein partnar som saman med oss alle kan og vil vera med å løfta Kvinnherad i åra som kjem, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Fireårig avtale

Avtalen mellom Festidalen og BKK gjeld for 2019 med opsjon på tre nye år. Festidalen er den største festivalen i Kvinnherad basert på frivillig arbeid.

– BKK er opptatt av å vera ein lokal medspelar. Når vi no utvidar verksemda til å omfatta Kvinnherad, er vi glad for å kunna bli ein samarbeidspartnar for Festidalen. Vi ynskjer å bli ein del av dette flotte arrangementet som betyr mykje for lokalsamfunnet, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Gjer kommunen attraktiv for unge

Årets festival blir arrangert 28. og 29. juni. Festivalen skal bidra til eit godt omdøme som er viktig for å gjera Kvinnherad attraktiv og relevant, mellom anna med tanke på å tiltrekkja seg ung arbeidskraft.

– Det betyr mykje for oss å få inn BKK som ein ny hovudsponsor. Arbeidet er basert på frivillig innsats, og vi er avhengig av gode krefter i næringslivet for å få dette til, seier Una Kolle, styreleiar i Festidalen.

Hovudsponsorar for Festidalen 2019 er då BKK og Serit Idrift.

Kolle legg også til at det framleis er behov for frivillige, særleg til laurdagen av festivalen, og oppfordrar kvinnheringar som set pris på at det skjer noko i kommunen til å melda seg.

Artikkeltags