Vegan Monkey Soup og Kjerstin Guddal Jansson til Lambasleppet

Det blir ein herleg miks av punk, rock, pop, folk og visesong frå scena når Lambasleppet går av stabelen torsdag 28. juni.

DEL

Lambasleppet er Festidalen si regionale ungdomssatsing, eit konsept som starta i 2015 og som dei er svært stolte av.

– Assosiasjonane til scenenamnet er mogleg blodferske lam, men dei artistane vi søker og vil visa fram er meir på nivå med sauene som blir slept på jorde seinare. Lambasleppet skal vera med å visa kva regionen vår, Sunnhordland og Hardanger, har å vera stolt over. Festidalen ynskjer å vera med på å løfta dei opp og å visa dei fram, står det i ei pressemelding.

I år er sju ulike band og artistar venta til Lambasleppet. Leiving frå Bergen har tilknyting til Sunnhordland, og består av fem medlemer frå 23-26 år. Dei spelar dystopisk-nevrotisk hardcore punk på nordnorsk(!), og vart «Årets vokalist» under Eggstockfestivalen 2017. Vivillain er et satsingsprosjekt som har blitt samanlikna med band som Foo Fighters og Audrey Horne.

– Bandet er kjent for eksplosive liveshow og fengande låtar. Vivillain er nyleg vinnar av både Emergenza-festivalen og Wacken Metal Battle Bergen. Består av fem ivrige musikarar, som øver saman minst 20 timer i veka. Dei to første singlane er blitt streama over 30.000 gonger, og blitt spelt på P3, står det i pressemeldinga.

– Upassande og sexistisk

Eli Gauden er frå Norheimsund, men busett i Bergen. Låtskrivaren og artisten har studert musikk i utlandet dei siste fire åra, og musikken hennar er prega av amerikansk roots/folk, men òg populærmusikk. Letthøyrd, munter og leiken er stikkorda. Rockarane i Vegan Monkey Soup er blitt kjente for mange kvinnheringar den siste tida, etter at dei kom seg vidare i UKM, samt opptredde på Omstock nyleg. Medlemene er gutar i alderen 16–22 frå Kvinnherad, og ambisjonane er å laga musikk dei fleste kan lika. På Lambasleppet har dei fått med seg Maia Fredheim frå Rosendal som gjesteartist på ein av songane. Også Kjerstin Guddal Jansson er eit namn mange kvinnheringar kjenner til. Seimsfoss-jenta kom heilt til semifinalen i Idol på TV2 i 2016. I dag går ho på musikkproduksjonslinja på Solborg Folkehøgskole i Stavanger. Bandet Blooming Bruises består av fem gutar og ei jente frå Fusa, som har spelt saman sidan 2015. Nyleg har dei begynt å laga eigne låtar. Dei skildrar seg som eit rockeband. Nummer sju ut på Lambasleppet er rockebandet Acid Cunt, som spelar i ein sjanger kalla ADHD-grunge. Bandet består av fire ungdommar i alderen 18–21 år frå Haugesund.

– Acid Cunt har spelt saman sidan 2016, og har på den tida erobra UKM- landsfinalen, blitt kåra til Haugalandets verste og beste band og fått Bjarne Brøndbo til å grina i Norske Talenter. Bandet vil gå mot straumen, og har planar om å ta over verda. Kritikarane meiner at namnet på bandet er upassande og sexistisk, men det er ikkje sant, fordi dei seier at dei elskar alle, står det å lesa i pressemeldinga.

Artikkeltags