Bli klar til Festidalen

Ellen Teigen og Malin Bakke står klare til å hjelpa med både små og store problem.

Ellen Teigen og Malin Bakke står klare til å hjelpa med både små og store problem.

Om du har planlagt å gå på Festidalen i helga, og helst vil unngå å stå i lange køar før du slepp inn på jordet, gjer du lurt i å besøka desse damene.

DEL


På «gamleskulen», midt i hjarta av Uskedalen, sit tre blide damer, klare til å svara festivalgjestene på små og store spørsmål som måtte dukka opp.

Her kan du òg løysa inn billetten din i armband, og spara deg sjølv for mykje verdifull tid. Men foreløpig er det mange som har utsett å ta turen innom:

– Det er foreløpig roleg, men det kjem til å bli rimeleg hektisk siste tida, fortel Karoline Neset, før ho må springa ut døra for å henta påfyll til Festidalen-effektane.

Igjen står to klare damer:

– Vi skal svara på spørsmåla vi får etter beste emne, og så håpar vi heilt klart at det er t-skjortene vi sel mest av, og ikkje sydvestane eller regnponchoane, ler Ellen Teigen og Malin Bakke, og held fram:

– Vi jobbar begge to på skule, så vi har jo ferie både vel og lenge. Då er det kjekt å få starta den her.

Dette er tredje året Ellen står på gamleskulen for å hjelpa ivrige Festidalen-gjester, og titt og ofte kjem det folk innom som lurer på kva alt oppstyret er:

– Det er stadig nokon innom, spesielt turistar, som ikkje heilt forstår kva vi held på med her. Men då får vi ofte lokka enno fleire opp på Dønhaug, så det er jo berre bra, smiler Ellen, og held fram:

– I år skal eg få kosa meg skikkeleg på Festidalen begge dagane, og gler meg mykje til det, avsluttar ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags