Mytologifestivalen 2018

Av
DEL



«LANDET OROMIA»

Laurdag 25. aug. inviterer Mytologifestivalen til fest i Lundarhegni Naturpark. Temaet er henta frå Aust-Afrika, nærare fastsett til Etiopia, eit imperium med i dag rundt rekna 85 ulike språk og enda fleire stamme-kulturar! Ein del av desse stammene høyrer til oromo-folket. Dei ber med seg ein unik kulturarv, som historisk sett er prega av eit tilnærma demokratisk styresett. Eit tilsvarande styresett kjenner me også frå vår eiga norrøne tid, nemleg tingsystemet, eit system som gav namn til både Allting på Island og Storting i Noreg.

Festivalen tek til med fagleg foredrag av Asnake T. Erko, oromo-mann og kulturforskar, etablert med familie i Bergen. Han vil gi oss ei innføring i historie og mytologi frå oromo-kulturen. Oromo er den største folkegruppa i Etiopia, tett fylgd av Amhara. Som tidlegare år er opninga av festivalen i ungdomshuskjellaren på Hatlestrand. Om dei minste finn det vanskeleg å sitja i ro heile tida, så lagar me bakarst i salen plass til å røra seg.

Etter foredraget flyttar me oss direkte til Lundarhegni Leir (500 meter å gå). Om nokon ynskjer å køyra bil, går det heilt fint. I Lundarhegni er det god parkeringsplass.

I naturparken samlar me oss rundt bålet før prosesjonen går vidare til Eikelandsvågen (nye 500 meter). Der, i sjøkanten, skal me feira Irreccha. Irreccha fungerer for oromo-folket som ein hausttakkefest og er den oromo-høgtida som samlar mest folk. Er du nyfiken på kva festen vil innehalda, då er dette eit eineståande høve til å finna det ut. For du kan truleg sjå på denne invitasjonen som «once in a life time».

Paraply og sitjeunderlag er utmerkte hjelpemiddel for deltakarane.

Tilbake i Lundarhegni blir det servert middag på billetten, nærare bestemt lapskaus, så langt det rekk. For dei dristige blir det òg høve til å smaka på oromo-mat. Fram til høgdepunktet i programmet fyller me tida med eventyr og leikar, til glede for store og for småe.

Høgdepunktet for festivalen blir utan tvil utekonserten med songstjerna Hawwii. Ho har eit stort namn i kulturkrinsen sin og er eit fyrverkeri med lyd, rytme og farge.

Har du planar om å sitja i ro under heile konserten, kan det bli naudsynt å binda seg fast, for musikkstilen og dansestilen inviterer alle til å røra på seg. Dansemønsteret inneheld ur-rytmar og ur-krefter, som dei fleste har på lager, kanskje utan heilt å vita det. Oppskrifta for alle er iallfall å sleppa seg laus.

Velkomne!


For Mytologifestivalen

Knut J. Nerhus

Artikkeltags