Snart klart for Mytologifestivalen

MUSIKK: Shakti 3 1/2 heiter musikkprosjektet som blir presentert på Mytologifestivalen laurdag 17. august. Gruppa er sett saman av vokalisten Matangi akkompagnert av Naitz og DJ Py. Den kvinnlege frontfiguren er busett i Ølve der ho har sitt eige lydstudio. Pressefoto

MUSIKK: Shakti 3 1/2 heiter musikkprosjektet som blir presentert på Mytologifestivalen laurdag 17. august. Gruppa er sett saman av vokalisten Matangi akkompagnert av Naitz og DJ Py. Den kvinnlege frontfiguren er busett i Ølve der ho har sitt eige lydstudio. Pressefoto

Denne helga går Mytologifestivalen av stabelen for åttande gongen, og temaet for årets festival er «Norrøn Sjamanisme».

DEL

Den spesielle nisje-festivalen skjer på laurdag, i Lundarhegni Naturpark på Hatlestrand.

«I starten på sommaren leverte dagsavisene våre sensasjonelt nytt frå kongefamilien. Modige Prinsesse Märtha Louise hadde funne seg ein ny kjærast. Og mannen profilerte seg straks, ikkje som biskop eller skipsreiar, men som sjaman! Dette sette rakettfart i ein etterfylgjande prinsesse- og sjamandebatt. Mytologifestivalen meiner derfor 2019 er eit høveleg år for å sjå litt nærare på desse to omgrepa, sett ut frå ein mytologisk ståstad», skriv festivalsjef og eigar av naturparken, Knut Johan Nerhus.

I eventyra våre og i dei meir eller mindre skoddelagde sogene frå urgammal tid, florerer det både med prinsesser og sjamanar. Av og til opererer dei under andre namn. Mytologifestivalen vil rota litt i dette tilfanget for å leita fram bakgrunnstoff for dagens debatt, og kvifor denne debatten gjekk seg så varm, står det vidare i pressemeldinga.

Føredrag og musikk

Med på laget har festivalen fått forfattar og fotograf Gorm Helge Grønli Rudschinat. Han har arbeidd med dette stoffet i ein mannsalder, og vil ta for seg omgrepet norrøn sjamanisme. Føredraget blir i ungdomshus-kjellaren på Hatlestrand. Medan foredraget føregår, blir det teiknekrok bakarst i salen for dei som vil uttrykkja seg kreativt.

Etter føredraget flyttar festivalfolket seg ut i Lundarhegni Naturpark. Der blir det mat rundt bålet og mykje dramatikk.

«Me lever oss direkte inn i gamal tid. Her kan du bli med kledd, ikledd eller utkledd, både som normal eller som unormal. Valet er ditt!» skriv Nerhus.

Høgdepunktet på festivalen blir konserten med musikkgruppa «Shakti 3 1/2. Musikantane har øvingslokale i Ølve, og musikkstilen er «folktronica». Denne kvelden slepp dei rykande ferske låtar!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags