Gå til sidens hovedinnhold

UKM: Fem fine i fylkesfestivalen

Artikkelen er over 2 år gammel

I helga var det UKM Fylkesfestival på Husnes. Det vart ei kulturell stormønstring for ungdom mellom 14 og 20 år frå heile Hordaland. Fem representerte Kvinnherad.

Alle kjempar om ein plass blant dei 30 frå fylket som går vidare til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25.–29. juni. Kven det blir, får vi vita først på onsdag. Ein jury plukkar ut deltakarane etter kva den synest viser breidda best. Arrangøren seier at UKM, som igjen betyr Ungdomens Kulturmønstring, er ein festival meir enn ein konkurranse, men dei unge deltakarane føler nok mest på konkurransen likevel.

Les også

Olesya debuterte med kunst

Dei fleste kunstnariske uttrykk er representerte. Her nemner vi band, song, dans, kortfilm, bildekunst og også ei novelle.

Kvinnherad var representert med rockebanda «Vegan Monkey Soup» og «Cold Chase», dessutan marimbaorkesteret «Mhodzi Marimba», Maia Fredheim (piano/song) og Olesya Pasichnyk (bildekunst).

Framføringane gjekk føre seg i fleire omgangar, kvar gong med flinke ungdomar som konferansierar. Eit eige orkester av profesjonelle musikarar var tilgjengeleg for dei deltakarane som ønskte det. Gjennomføringa gjekk knirkefritt og profesjonelt føre seg. No ventar deltakarane i stor spenning på dommen.

Kommentarer til denne saken