Olesya debuterte med kunst

Olesya Pasichnyk håpar ho kjem vidare med bilda sine. Dette heiter "The circle of life".

Olesya Pasichnyk håpar ho kjem vidare med bilda sine. Dette heiter "The circle of life". Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

UKM er ikkje berre musikalske rytmar. Også bildekunst er det plass til. Kvinnherad er representert med éin slik kunstnar, nemleg Olesya Pasichnyk. To av bilda hennar hang på kunstveggen i kulturhuset i helga, «The circle of life» (akryl) og «Flower fantasy» (penn). Olesya har gått tre år på kunstlinja i kulturskulen, men seier at teknikkane ho har brukt i denne samanhengen er noko ho har lært seg på fritida. No kjempar ho med rundt 20 andre unge bildekunstnarar om å bli vald ut til landsfestivalen for UKM i Trondheim.

– Klart eg håpar på å koma vidare, men det gjer jo alle. Vi får berre sjå korleis det går, seier ei roleg Olesya.

Onsdag får ho svaret.

Artikkeltags