Dersom ein person som har fått vaksinen, opplever vedvarande sjukdomskjensle, uvanlege blåmerke eller teikn til blødingar i huda blir dei bedne om å kontakte helsetenesta. Det gjeld òg ved andre teikn på alvorleg sjukdom.

Pasientane som er innlagde med alvorleg blodpropp, blødingar og låge blodplater, har fått symptom innan fjorten dagar etter vaksinasjonen, ifølgje FHI.

FHI valde torsdag å vente med å ta i bruk AstraZeneca-vaksinen igjen sjølv om EUs legemiddeltilsyn gav vaksinen grønt lys.

(©NPK)