Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Stansen i Astrazeneca-vaksinasjonen blir forlengd i tre veker

Folkehelseinstituttet (FHI) har bestemt at pausen i Astrazeneca-vaksinasjonen blir utvida med tre veker som følgje av dei moglege alvorlege biverknadene.

– Vi meiner det er nødvendig å gjennomføre fleire undersøkingar rundt dei aktuelle hendingane, slik at vi kan gi best mogleg råd om vaksinasjon til befolkninga i Noreg, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet.

Vaksinen har ikkje vore i bruk i Noreg sidan 11. mars etter at det dukka opp meldingar om alvorleg blodpropp og dødsfall som vart knytt til vaksinen.

FHI og helsestyresmaktene i fleire land undersøkjer no samanhengen.

– Vi har derfor vedteke å forlengje den mellombelse pausen for Astrazeneca-vaksinen til 15. april, seier Bukholm.

Fleire andre land har teke opp att vaksinasjonen medan undersøkingane går føre seg.

Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) vedtok 18. mars å halde oppe godkjenning av Astrazeneca-vaksinen. EMA vurderer det slik at nytteverdien er høg og at dei melde biverknadene er sjeldne, men påpeikar at alvorlege tilfelle av sjeldne biverknader ikkje kan sjåast bort frå.

Les også

Sprengd analysekapasitet ved Haukeland

Kommentarer til denne saken