Dokumentarfilmen er laga av den franske regissøren Jérôme Thomas, som har vore involvert i graffiti i over 20 år. Han gjekk frå å vera skribent og tilskodar til å bli ein kommentator av gatekunst-rørsla som er i stadig utvikling. Han skriv følgjande om filmen:
«Å laga ein uavhengig film, utan produsent eller distribusjonskanalar, er eit «handicap» som kan bli ein stor fordel. Eg har nemleg hatt all tid og fridom som er nødvendig for å beskriva dette veksande, hybride, urbane fenomenet, i korsvegen mellom graffiti, gatekunst og veggmaleri, og å skildra det som eit moderne, fargerikt botemiddel mot den upersonlege, grå byen og mangelen på dialog ein finn i den. Folk stoppar i eit minutt, ser på verket, og utvekslar tankar deretter. Fantasien kjem i gang, og det er ingen «mellommann» som formidlar noko mellom forbipasserande og verket i seg sjølv. Temaet gir eit unikt og imponerande synspunkt på ein hovudstad sine forstadar og horisontar. Gatekunstnarane er franske og internasjonale, og eg møter dei på galleri-opningar, graffiti-samlingar eller på verkstadane deira. Maling, som musikk, er universalt, og resonnerer på ulike måtar i kvar av oss. Det kjem an på dagshumøret og fargen på himmelen (...) Stilen på dokumentaren er rå og direkte; Eg filmar utandørs utan noko tryggleiksnett, utan filmsett, og langt frå klassiske tv-produksjonar der alt er nedskrive, kalkulert og forutsigbart. Filminga mi er reaktiv og intuitiv, fordi eg tar risiko med å filma uavbrotne «rush» med håp om å fanga det magiske augeblikket. Fleire «time-lapses» (klipp av lengre intervallar sett saman for å visa eit tidsforløp, red. anm.) er inkludert i filmen, for å illustrera kor lang tid det faktisk tar å ferdigstilla slike store verk.»
Filmen er teksta på engelsk, og blir vist gratis på Husnes kino laurdag føremiddag.
Her er trailer av dokumentaren: