Sjarmerande tilbakeblikk frå 80-talet

Artikkelen er over 3 år gammel

Større hår, meir fargerike treningsklede og yngre variantar av ein god del kvinnheringar. Denne filmen frå løpet "Vårspretten" ved Kvinnherad vidaregåande skule i 1988 får deg garantert i betre humør! Kanskje kjenner du igjen nokre av dei som er med?

DEL

"Vårspretten" var ein stafettkonkurranse mellom dei ulike klassane ved Kvinnherad vidaregåande skule, og er filma av Astrid Haugland som var lærar ved skulen i 1988. Ho flytta til Sverige same året.

Filmen inneheld starten av stafetten, nokre postar på vegen, elevar som kjem i mål og prisutdeling på skulen. Foruten elevaren så medverkar nokre av lærarane og tidlegare journalist i Kvinnheringen, Ivar Vaage. 

Artikkeltags