Hjørdis (87) og Mathias (15) er skodespelarar i lokal reklamefilm

Hjørdis Nilsen (87) og barnebarnet Mathias Nilsen Børve (15) er to av til saman 33 lokale skodespelarar i Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband sin nye reklamefilm.

DEL

Tysdag kveld blei dei lokale skodespelarane som har vore med i den nye reklamefilmen gjort stas på med skikkeleg førpremiere, og alle utanom fem var til stades. Dei blei møtte med raud løpar og velkomstdrikk i form av champagnebrus i Kvinnherad Næringsservice sine lokale på Husnes, før dei fekk sjå seg sjølve på skjermen. Etterpå var det mingling, pizza og kake til dei flinke frivillige. Arne Torget, oppdressa i kjole og kvitt og flosshatt, las eit dikt til dei frammøtte, om Kvinnherad Energi si 100 år lange historie, og K-band sine 15 år, på imponerande to minutt.

To av skodespelarane er Hjørdis og Mathias. I filmen viste Hjørdis korleis ho bruker ipad-en, medan barnebarnet Mathias står på ski.

– Det var veldig artig å vera med på! Men eg var ikkje klar over kor mykje arbeid som ligg bak for berre nokre få minutt. Vi filma i nokre timar, men klippet som er med er veldig kort. Uansett blei resultatet veldig flott, seier Hjørdis.

– Bruker du ipad i det daglege, slik som i reklamefilmen?

– Ja, det gjer eg, smiler 87-åringen.

Barnebarnet Mathias syntest også det var veldig moro å få vera skodespelar for første gong:

– Det var kjempegøy! Film-teamet var veldig flinke, og hadde nokre filmtriks som får det til å sjå veldig profft ut. Eg stod nesten berre rett fram, og ikkje så fort som det ser ut som.

– Var det kaldt å filma ute, og var det mykje venting og mange opptak?

– Det blei nokre klipp, ja, men eg heldt varmen sidan eg måtte springa opp og ned bakken. Det var nok verre for filmfolka, smiler Mathias.

Den flotte reklamefilmen er laga i samband med Kvinnherad Energi sitt 100-årsjubileum i år, og viser både unge og vaksne i ulike settingar i lokalmiljøet innanfor blant anna kultur og idrett, i tillegg til korleis dei to bedriftene er viktige for innbyggjarane i Kvinnherad. Det er Bulldog Media som har laga filmen, og filmfolka gjorde opptak over tre dagar på heile 13 lokasjonar i kommunen. Kenneth Ingvaldsen i Kvinnherad Energi er svært nøgd med resultatet.

– Vi synest filmen blei veldig fin, og filmselskapet skrytte veldig over kor flinke dei lokale skodespelarane var. Det dei fekk sjå her i kveld er ein film på sju minutt, medan det er kortare versjonar som skal visast i ulike sosiale medium, på Husnes kino og på Husnes Storsenter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags