Reklamefilm for Kvinnheringen

Artikkelen er over 3 år gammel

Fjord Studio har laga reklamefilm for Kvinnheringen og kommunen vår. Sjå den her!

DEL

I høve at Kvinnheringen skulle til Wien og ta imot prisen for beste lokalavis i Europa 2015 under European Newspaper Awards, fekk karane i selskapet Fjord Studio i oppdrag å produsera ein reklamefilm for avisa.

Dei tre ungdommane i Fjord Studio – Eivind Bjørnebøle, Anders Bennæs og Alf Erik Nonås Fylkesnes, stod for manus, filming og redigering, og hadde berre nokre veker på seg til å ferdigstilla filmen. Tanken var at den både skulle vera ironisk og humoristisk, med ein arrogant redaktør som tok æra for det meste, men filmen skulle samtidig visa fram glimt frå Kvinnherad og den flotte naturen her. Mange av klippa du ser er filma med drone.

Filmen ligg no på Youtube.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags