Dyktig filmtrio på KVV

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Konkurranseinstinktet er farleg stort blant lærarar og elevar på KVV ifølgje Eivind, Anders og Eivind sin film om årets Søral-løp.

DEL

Det har blitt ein slags tradisjon at elevane på breiddeidrett på Kvinnherad vidaregåande lagar ein slags reklamefilm i forkant av Søralløpet. Årets film er kanskje den «proffaste» til no, og bak står kameratane Anders Bennæs, Eivind Bjørnebøle og Eivind Haavik.

– Vi på breiddeidrett fekk oppdraget om å laga film før sommaren, og så gløymte vi det litt ut. To veker før løpet begynte det å hasta, og vi måtte setja i gang, fortel Eivind og Eivind.

– Det har ein tendens til å bli til at vi gjer ting i siste liten. Men vi jobbar eigentleg best under press, legg Anders til.

Parodi

Dei ville gjera noko originalt og nytt denne gongen, og etter ei idémyldring kom dei på at dei ville laga ein slags parodi på «Hunger games»-filmane, eller «Dødsleikane» på norsk. Handlinga i Hollywood-versjonen er lagt til ei uidentifisert framtid, i nasjonen «Panem». Deltakarar frå ulike distrikt blir trekte ut og tvungne til å kjempa mot kvarandre til berre éin står levande att. Eivind, Anders og Eivind har laga ein parodi på desse filmane, og kalla den «Søral games».

– Eg sa til Eivind og Eivind at eg trudde det blei litt for omfattande, men vi bestemte oss for å gjera det likevel, seier Anders.

I filmen til kvinnheringane spelar både lærarar og medelevar, og den inneheld heftige slåstscener, eksplosjonar og drap. Heldigvis er det berre på film. Fordi det ikkje var noko krav om at filmen skulle vera kort, og kameratane fekk frie tøyler, er den blitt på over 13 minutt.

– Den er så lang som vi meiner den burde vera for å få fortald heile historia.

Filmen blei vist til resten av skulen same dagen som skuleløpet gjekk, torsdag 10. september.

– Folk likte den, og syntest spesielt det var moro å sjå lærarane som skodespelarar. Det var sporty av dei å vera med!

Actionkomediar

Anders, Eivind og Eivind har laga film saman sidan ungdomsskulen, og utviklinga har vore stor. Dei har lært mykje ved å sjå instruksjonar på Youtube, og den første filmen dei laga var til juleballet på Rosendal ungdomsskule i 2012. Tidlegare i år vann dei KVV sin filmkonkurranse der temaet skulle vera «tur», med kortfilmen «Karikaturen». Produksjonsselskapet deira har fått det kreative namnet «SIATGD STUDIOS», og står for uttrykket «Shit’s about to go down» – eller «no skal det skje noko stort».

– Det namnet kom eigentleg som ei tullegreie, men til slutt hadde vi «kleisa» det på alle filmane våre, så då blei namnet verande, smiler kameratane, og legg til at dei stort sett lagar action-komediar.

Anders og Eivind Bjørnebøle har etter kvart ein del filmutstyr og dataprogram, noko i felleseige. Medan Anders tar seg av det meste av filminga, er det Eivind og Eivind som lagar effektar og legg på lyd.

– Det mest krevjande med å laga film er å planlegga i forkant korleis den skal sjå ut, og så prøva å følgja manuset. Men mykje blir også improvisert. Å skriva dialogar og replikkar kan bli litt rart, derfor finn vi på det meste undervegs, forklarer Anders.

– Det tar alltid mykje lenger tid å filma enn ein trur, og denne filmen hadde mange skodespelarar og statistar. Dei gjorde ein veldig god jobb, legg Eivind Haavik til.

Fleire filmar kjem

«Søral games» blei i hovudsak spelt inn over to ettermiddagar på skulen og på Hydro Husnes sitt område, og i tillegg i nokre pausar og fritimar.

– Alt blei spelt inn i løpet av ei skuleveke, og så starta redigeringsjobben. Vi seier alltid at vi ikkje skal «døgna», altså sitja oppe heile natta kvelden før deadline, men det måtte vi denne gongen også, ler Anders.

Dei er klare på at filmen skal vera komisk, men samtidig er dei opptekne av kvaliteten.

– Ein ting er jo kva vi meiner er morosamt, og vår humor, det er jo ikkje sikkert den treff andre. Men vi vil ikkje at humoren skal vera basert på at innspelinga av scenene er mislykka eller dårleg.

Dei tre lovar fleire filmar i året som kjem. Dei er alle russ dette året, og snart kjem ein russerevy. Den vil truleg innehalda ein del film.

– Vi treng å utvikla oss når det kjem til lydbildet i filmane våre. Men der har vi heldigvis med oss Tobias Lamberg Torjusen. Han kan komponera musikk til oss, og har tidlegare vore med på ein del filmproduksjonar.

Førebels ligg filmane dei tre har laga på Anders sin Youtube-kanal, men seinare vil dei endra namnet til SIATGD STUDIOS. Dei legg til at Søral games-filmen dessverre ikkje går an å sjå på mobil enno, på grunn av restriksjonar på musikken som er brukt i filmen.

– Vi lagar film fordi vi synest det er moro. Det er ikkje realistisk å tena pengar enno, men kven veit. Kanskje vi kan det ein dag, smiler kameratane.

Har du ikkje sett «Søral games» enno kan du gå inn på Kvinnheringen.no.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags