Haktor Thorsen

Artikkelen er over 4 år gammel

Haktor Thorsen frå Holmedal var ein av dei fyrste i Norge som byrja eksperimentera med hermetisering. På Sunde bygde han opp hermetikkfabrikk og gjorde brislingen om til ei etterspurd eksportvare. Thorsenfamilien har sidan dette vore viktige drivkrefter i arbeidet med å utvikla sentrum på Sunde.