Bergslagen - historia om eit båtbyggjeri

Artikkelen er over 3 år gammel

I Bergslagen har det vore aktivitet i mange år. Mellom anna bygde Haktor Valvatne sildolje-og sildemjølsfabrikk her tidleg på 1900-talet. Då denne brann ner kjøpte etterkvart Lars Tveit tomta og starta båtbyggeri her. Lars hadde starta opp i dei harde 30-åra. Etterkvart som sønene vart vaksne nok kom dei ein og ein med i produksjonen. Løna var ikkje mykje å skryte av, men så klarte då det tradisjonelle båtbyggeriet seg gjennom ei tid der mange måtte gje opp på grunn av økonomiske vanskar. Frå 70-talet var det den eldste sonen, Andor, som tok meir og meir over. No var det meir fritidsbåtar som var etterspurde, og Andor laga store flotte Colin Archer seilskøyter. Han laga båtar til 2009, då var han 83 år gammal.