Husnes – det nye sentrum

Artikkelen er over 4 år gammel

I 1965 starta Sør-Norge Aluminium opp produksjonen i den vesle landbruksbygda Husnes. Ganske snart var talet på tilsette oppe i 485, og det litt aude skogsområdet fekk no rekkjehus, vegar, infrastruktur og eit handlesenter. I dagens episode får du sjå klipp frå NRK sin 30 minutt lang dokumentar om Husnes – eit unikt tidsbilde av korleis Søral kom til endra både Husnes og Sunde.