Bakarane på Sunde (del 1)

Artikkelen er over 4 år gammel

I ein periode på 50-60-talet var det heile tre bakeriutsalg på Sunde. På Sunde kunne ein få lokale spesialitetar som Kaldestadbollar, Totlandskringle og Sigdalsbrød, kva var dette eigentleg? I den fyrste filmen ser vi særleg på korleis det var å vera bakar på slutten av 1800-talet, og vi får historia bak P. Totland bakeri.

DEL

Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen.

Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!

Her kan du sjå tidlegare episodar:

Episode 1: Lubbesild og andre sildesoger

Episode 2: Stolte skuter

Episode 3: Urmakaren og Mor Teresa

Episode 4: Massi, dronninga på Krakje (del 1)

Episode 5: Massi, dronninga på Krakje (del 2)

Episode 6: Haktor Thorsen

Episode 7: Brislingen

Episode 8: Hermetikkfabrikken

Episode 9: Kaien, det bankande hjarta

Episode 10: Då Ragnar gjekk til frisør på Sunde

Episode 11: Ein bil, fleire brød

Episode 12: Thorkelsen - tre generasjonar handelsmenn

Episode 13: Bergslagen - historia om eit båtbyggjeri

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken