Massi, dronninga på Krakje (del 1)

Artikkelen er over 2 år gammel

I dag får du del éin av historia om utradisjonelle dama Massi Røssland, som vaks opp i ein av dei rikaste familiane på Sunde og var etterkomar av Herman Valvatne som laga storindustri med sildehermetikkfabrikk. Men mellomkrigstida vart harde år, og familien mista alt dei hadde bygd opp. Berre det flotte huset i Krakje fekk dei behalda.

DEL

Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen.

Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!

Her kan du sjå tidlegare episodar:

Episode 1: Lubbesild og andre sildesoger

Episode 2: Stolte skuter

Episode 3: Urmakaren og Mor Teresa

Artikkeltags