Stolte skuter

Artikkelen er over 2 år gammel

I dagens luke av filmkalenderen får vi ei lita oppsummering av historia til Gravdal Skibsbyggeri, det som i ein periode var Noregs største treskipsbyggeri, og ein guida tur langs vegen frå Opsonger til Gongstø, der ein ser på alle butikkane som ein gong låg langs vegen her.

DEL

Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen.

Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!

Fekk du ikkje med deg episode 1? Sjå den her.

Artikkeltags