«Sunde er nerlagd»
Fire systrer Tveit og tre venninner laga i 1988 ein song som dei framførte på «Husnes grand prix», som fekk navnet «Sunde er nerlagd» Det var ein humoristisk song der medlemmene i gruppa spelte kvar sin fiktive karakter frå Sunde. Handlinga gjekk ut på at dei ein dag vakna til at alle butikkane på Sunde var lagde ned. I musikkvideoen frå 2016 er mor til Merethe og tantene hennar 28 år eldre, dei har spelt inn songen på nytt, i studio, og saman med bandet Humming Beez laga ein musikkvideo du garantert blir i godt humør av, trass bodskapet!
Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen.
Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!
Her kan du sjå tidlegare episodar:
Episode 1: Lubbesild og andre sildesoger
Episode 3: Urmakaren og Mor Teresa
Episode 4: Massi, dronninga på Krakje (del 1)
Episode 5: Massi, dronninga på Krakje (del 2)
Episode 9: Kaien, det bankande hjarta
Episode 10: Då Ragnar gjekk til frisør på Sunde
Episode 11: Ein bil, fleire brød
Episode 12: Thorkelsen - tre generasjonar handelsmenn
Episode 13: Bergslagen - historia om eit båtbyggjeri
Episode 14: Bakarane på Sunde (del 1)
Episode 15: Bakarane på Sunde (del 2)
Episode 16: Ein kumage ligg og duppar i vågen
Episode 19: Pasjon - om G. Irgens klesforretning
Kommentarer til denne saken