Lubbesild og andre sildesoger

Artikkelen er over 4 år gammel

Korleis var Sunde før industrien kom til bygda, tidleg på 1800-talet? Og korleis går han fram, morfaren til Merethe Offerdal Tveit, Kåre Tveit, når han skal røyka lubbesild med ein gammal Jøtulovn? I første episode får vi sjå unike fotografi frå samlinga etter Severin Kannelønning på Stord. Desse viser korleis Sunde var på slutten av 1800-talet. Her kan vi til og med sjå bøkkerverkstaden til tipptippoldefar til filmskaparen, Jens Sunde, og glimt av korleis Husnes såg ut på same tid.

DEL

Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen. ¨

Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken