Ein kumage ligg og duppar i vågen

Artikkelen er over 4 år gammel

I dagens episode skal vi få høyra artige historiar om slakteriet som Eivind Olsen og Gunnar Røssland starta på 30-talet, fortald av son til Eivind, Tore Kjell Olsen. Dei heldt til i ei primitiv og kald sjøbu med butikk i overetasjen - "Brynjelsbuo". Her slakta dei, skar kjøtet og produserte pølse og pålegg. Det var her den etterkvart vidgjetne Sundepølsa såg dagens lys.