Fin opplagsauke for Kvinnheringen

GLAD: Fungerande redaktør Mona Grønningen set stor pris på opplagsauken. (Foto: Jonn Karl Sætre).

GLAD: Fungerande redaktør Mona Grønningen set stor pris på opplagsauken. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Artikkelen er over 1 år gammel

Siste året har Kvinnheringen fått 60 nye lesarar.

DEL


– Eit svært gledeleg tal, kommenterer fungerande redaktør, Mona Grønningen.

Det samla opplagstalet hamna på 4.408 ved utgangen av 2018. Talet på reine papirabonnentar gjekk ned, medan auken er å finna på den digitale sida. Langt dei fleste lesarane les både vanleg papiravis, papiravis på nett (e-avisa) og nettavisa (kvinnheringen.no). Lesarar av dei to digitale produkta har auka kvart år.

– Særleg er det gledeleg at den vanlege avisa framleis er populær, anten ho blir lesen på papir eller digitalt. Det kan vera eit resultat av at vi heile tida prøver å ha to tankar i hovudet – nemleg å ha fokus på at papiravisa skal ha eit fint presentert og godt innhald som folk får lyst til å lesa, samtidig som nettavisa skal vera spennande, innhaldsrik og oppdatert med det siste som skjer. At vi har ein uvanleg flink grafikar på huset, i tillegg til engasjerte og dyktige medarbeidarar i redaksjonen og marknadsavdelinga, hjelper oss til å halda på papirabonnentane, annonsørane og lesarane av e-avisa, trur Grønningen.

Ho håpar den vanlege avisa vil få lang levetid, og at Kvinnheringen også i framtida klarer å satsa på godt innhald i denne, inkludert omfattande gravesaker med jamne mellomrom.

– Æra for at Kvinnheringen er i medvind skal først og fremst gå til alle som jobbar her. Ein fin og stabil gjeng det er grunn til å vera stolt over, rosar redaktør Grønningen.


Også avisene nær oss auka i opplag i året som gjekk.

Grenda: +5, nytt opplag 2.196

Sunnhordland: +176, nytt opplag 6.296

Hardanger Folkeblad: +80, nytt opplag 5.007


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken