Gå til sidens hovedinnhold

Finvêret sørgjer for framleis skogbrannfare i Sør-Noreg

Faren for skogbrann ligg på gult nivå for store delar av Vestlandet og Sør-Noreg i dagane framover.

Etter mange dagar med høge temperaturar og lite nedbør i store delar av Sør-Noreg er skogbrannfaren framleis på gult nivå, melder Meteorologisk institutt.

Skogbrannfaren gjeld heile Vestland fylke og dessutan både Møre og Romsdal og Rogaland. Austanfjells gjeld det fylka Agder, Vestfold og Telemark, Innlandet og Viken.

Enkelte stader i desse områda vil det vere stor skogbrannfare inntil det kjem nedbør av tyding. Bruk av open eld bør ein vere ekstra varsam med sidan vegetasjon lett kan ta fyr og store område bli ramma.

Fleire stader kan det òg vere lokale forskrifter som forbyr dette. Det generelle båtforbodet tredde i kraft 15. april og gjeld til 15. september over heile landet Unntak gjeld for godkjende bålplassar og stader der det er openbert at det ikkje kan medføre brann.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken