Turen frå Lærdal til Sogndal går over Filefjell, via Fagernes, Beitostølen, Valdresflya, Lom, Bøverdalen og Sognefjellet.

– Vi starta om kvelden fredag 1. juli og brukte 17–18 timar. Starten er grei, så blir det verre og verre med Sognefjellet som den tyngste oppoverbakken. Og to mil før målgang i Sogndal er det ein åtte kilometer lang, seig oppoverbakke som også krev noko viljestyrke, fortel Saghaug, som til liks med Pedersen og Eikenes sykla dette rittet for første gong.

Det er ikkje lov med følgjebil, så gjengen hadde nokre stopp.

– Både for å eta og for å byta kle. Totalt hadde vi litt under to timar pause. Det vart ein del regn og eg byta alt av kle to gonger, men vart raskt våt igjen, fortel Saghaug.

Sidan lange stigningar også medfører lange nedoverbakkar når både start og mål ligg ved fjorden, må ein kle seg lurt for ikkje å bli kald når ein susar i nedoverbakkar og er våt til skinnet. Våtdraktshanskar kan vera like lurt som «vasstette» vanlege hanskar.

– Ifølgje dei som har sykla Trondheim–Oslo er Jotunheimen Rundt eit meir krevjande ritt, sjølv om det er kortare, fortel Saghaug.

– Vil du gjennomføra rittet ein annan gong?

– Vel, først står Trondheim–Oslo for tur eit anna år. Vi tre som ikkje hadde sykla Jotunheimen Rundt før, vart i grunnen positivt overraska. Det var spennande å takla mange timar utan søvn, men for min del gjekk det overraskande greitt.

– Kvifor er du med i ein slik kraftprøve?

– Det er folkehelse i å trena seg opp til å delta – eg er i betre form no enn då eg var ung. Og så er det sosialt å reisa fleire saman for å delta i slike ritt. Alle fire hadde kvar sine nedturar i løpet dei 43 mila, men då hjelpte vi kvarandre. På slutten vart vi litt splitta og heldt saman to og to.

– Og du har ingen mein som heng igjen?

– Nei, langt ifrå!

– Noko dramatikk undervegs?

– Nei, i grunnen ikkje, det gjekk veldig fint utan surmuling og med mykje sterk vilje. Vi såg ein daud sau i ein sving nedanfor Turtagrø, men den deltok ikkje i rittet, ler Saghaug.

Den utflytta omvikdelingen Vidar Mehl sykla inn til ein 16. plass av totalt 630 deltakarar i rittet.