Fire gode tiltak får pengar frå Kvinnheringen

Løkjelsøy, Kolsøy og Valøy venelag har jobba jamt og trutt i mange år med å leggja til rette for friluftsliv på dei tre øyane. Bildet er frå mai 2018 då folk i venelaget mellom anna laga rullestolvenlege stiar på Løkjelsøy. (Arkivfoto).

Løkjelsøy, Kolsøy og Valøy venelag har jobba jamt og trutt i mange år med å leggja til rette for friluftsliv på dei tre øyane. Bildet er frå mai 2018 då folk i venelaget mellom anna laga rullestolvenlege stiar på Løkjelsøy. (Arkivfoto).

I februar inviterte Kvinnheringen lag og organisasjonar til å søkja om støtte frå ein pott på 150.000 kroner. No er det klart at fire lag får nyta godt av pengane.

DEL

Kvinnheringen fekk inn til saman 14 søknadar om støtte, og har fordelt pengane slik:

• Kvinnherad Motorsportklubb: 35.000 til innkjøp av kross-sykkel og verneutstyr for utlån.

• Turstiar Storemyr-Toftåsen: 15.000 til rydding av turstiar, leikeapparat og gapahuk.

• Matre bygdelag: 30.000 til robåt til Dranesparken.

• Løkjelsøy, Kolsøy og Valøy venelag: 70.000 til leikeapparat og tilkomst på Løkjelsøy.

Til saman blir desse summane 150.000 kroner.

Juryleiar og redaktør i Kvinnheringen, Mona Grønningen, fortel om mange gode kandidatar:

– Det var ein vanskeleg jobb for juryen, fordi vi fekk så mange og gode søknadar. Dette er eit teikn på at det skjer utruleg mykje positivt i kommunen vår! Vi skulle gjerne gitt støtte til alle, men har prøvd å fordela summen vi hadde til rådvelde på ein god måte.

Med tildelinga håpar avisa at dei som har fått pengar klarer å realisera prosjekta sine og skapa den aktiviteten dei ønskjer, legg Grønningen til.

Turstiar Toftåsen Storemyr held for tida på med ein fabelaktig møte- og aktivitetsplass som har fått namnet Åsatinget, nær Toftås-toppen. Kvinnheringen laga nyleg ein reportasje om dugnadsarbeidet, og her her er det ein av drivkreftene i laget, Haldor Herland, som morar seg i Tarzan-løypa.

Turstiar Toftåsen Storemyr held for tida på med ein fabelaktig møte- og aktivitetsplass som har fått namnet Åsatinget, nær Toftås-toppen. Kvinnheringen laga nyleg ein reportasje om dugnadsarbeidet, og her her er det ein av drivkreftene i laget, Haldor Herland, som morar seg i Tarzan-løypa. Foto:

Kvinnheringen sin jury bestod òg av journalist Gina Eriksen Albrethson, marknadskonsulent Ingvild Revne og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik. Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, som for fire år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å sikra eigarskapen av konsernet med over 70 lokalaviser. Kjøpet vart finansiert gjennom eit lån frå Sparebankstiftelsen DNB.

Amedia sine gode resultat har gitt Amediastiftelsen sjansen til å betala ned delar av lånet, og som følgje av dette har Sparebankstiftelsen DNB stilt 25 millionar kroner til disposisjon for prosjekt som skal styrka lokalsamfunna.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags