Onsdag var genbank Hardanger på plass ved Melselva i Rosendal for å sleppa ut yngel. Yngelet er overskot frå innsamla fisk til genbanken som vart fiska ut for eitt år sidan. I filmen ser du frå høgre Vemund, Peder, Troy og Konrad frå Rosendal Fus Barnehage, som fekk æra av å hjelpa «babyfiskane» ut i elva.