No kan du fiska gratis i fjellet

(Illustrasjonsfoto: Geir Remme).

(Illustrasjonsfoto: Geir Remme).

Artikkelen er over 2 år gammel

Fiskekort er ikkje lenger eit krav for å kunna forsyna seg av fisken i mange av fjellvatna i Kvinnherad.

DEL

– Vi meiner det vert fiska for lite i fjellet. Det å løysa fiskekort bør ikkje vera ein terskel som hindrar folk i å fiska.

Det seier Leif Arne Roksvåg i Kvinnherad jeger- og sportsfiskarlag (KJSFL) i ei pressemelding.

Samarbeid

KJSFL har inngått ein samarbeidsavtale med Omvikdalen grunneigarlag, som står for jakt- og fiskeforvaltninga i området som ligg på venstre side av Blåelva når ein køyrer innover i dalen. I heile dette området vil dei no gå bort frå fiskekortsal.

– Generelt kunne det vore teke ut mykje meir fisk i fjellet for å betra næringstilhøva, og dermed få fiskebestandar av betre kvalitet.

Grunneigarlaget ønsker derfor også at fiskarane nyttar garn med maskevidde mindre enn 26 omfar for å ta ut meir småfisk.

Tilrettelegg med båtar

I samband med opninga av Blådalshytta i fjor ordna KJSFL med garn og fiskestenger som gjestane kan nytta når dei er på overnatting. Det ligg også båt til disposisjon i Grøneviksvatnet ved hytta.

KJSFL vil òg legga båt ved Urdabotnvatn i nærleiken av Ågåtelv, og i Brandvikvatnet.

– Innføringa av gratis fjellfiske er også ei oppmoding til andre grunneigarar. Dette kan vera ein vinn-vinn situasjon med lettare tilgang til fisk, større uttak av fisk, og dermed ein sunnare fiskebestand som er meir attraktiv for sportsfiske, seier Roksvåg på vegner av jeger- og sportsfiskarlaget.

Artikkeltags