Sjekk den «monster»-kveita!

Steffen Plonka (t.v.) har god grunn til å glisa breitt etter å ha teke denne enorme kveita med fiskestang. Jan Trilck var med og hjelpte han med å få den til kai, og seinare måtte Tore Hellen løfta den på land med krana i fiskebåten sin.

Steffen Plonka (t.v.) har god grunn til å glisa breitt etter å ha teke denne enorme kveita med fiskestang. Jan Trilck var med og hjelpte han med å få den til kai, og seinare måtte Tore Hellen løfta den på land med krana i fiskebåten sin.

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag kveld fekk tyske Steffen (35) sitt livs fangst då han tok ei enorm kveite med fiskestang ved Hidle utanfor Halsnøy. Lokale fiskarar trur det er mellom 20 og 30 år sidan nokon sist fekk fisk på denne storleiken i Kvinnherad.

DEL

Steffen Plonka (35) har vore på Halsnøy i to veker, og bur i ei av Kurt Henriksen sine hytter på Asalneset saman med to andre tyske familiar. Onsdag kveld var han og fiskepartnaren Jan Trilck på fisketur då Steffen kroka noko stort ved Hidle, på rundt 90 meters djupne.

– Eg merka med ein gong at det var ein stor fisk. Den drog ned mot djupet rett etter at eg hadde fått den på kroken, fortel Plonka.

Etter vel éin times kamp med fiskestanga fekk dei fisken opp til ripa, og det viste seg å vera ei enorm kveite. Fiskarar er gjerne kjent for å overdriva, men det gjorde dei ikkje denne gongen! Kveita 2,4 meter lang, og dei to karane hadde ikkje sjans til å få den opp av sjøen etter at dei var komne til kai ved hyttene. Då ringte fiskaren Kurt Henriksen for å be om hjelp.

– Då han ringte var han så gira at eg skjøna at det måtte vera noko svært, fortel Henriksen, som så fekk tak i Tore Hellen. Hellen kom med fiskebåten sin, og måtte bruka krana for å få kveita på land.

– Ifølgje lokale fiskarar er det truleg 20-30 år sidan ein så stor fisk blei teke her i Kvinnherad, og den er sannsynlegvis 40-50 år gammal, meiner Henriksen.

Då Kvinnheringen var på staden onsdag kveld skulle dei tyske fisketuristane partera fisken for å vega den, men dei er rimeleg sikre på at kveita er langt over 100 kilo. Plonka fortel at den største fisken han har teke før kveita var ei lange på 1,66 meter og 25 kilo. Den fiska han ved Ranavik i fjor.

– Skal du ta med deg noko av fiskekjøtet til Tyskland?

– Eg veit ikkje. Det er jo enorme mengder! ler fiskaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags