Sjekk den fisken! I 1982 drog Tore opp ei over 300 kilo stor håkjerring

Faksimile frå Kvinnheringen si framside fredag 30. juli 1982.

Faksimile frå Kvinnheringen si framside fredag 30. juli 1982.

Du trur gjerne at lokale fiskarar skryt på seg fangstar som blir lengre med åra? Vel, Tore Hartvik Kristensen (66) drog opp ei over 300 kilo stor håkjerring alt i 1982, lenge før han vart yrkesfiskar.

DEL

– Den var på rundt 375 kilo, meiner Kristensen, som naturleg nok hugsar den uvanlege fangsten godt.
 

Aldri, korkje før eller seinare, har han dratt noko større opp av sjøen enn denne dagen då han og bl.a. kona Inger Helvik trekte line ved Røynholm. Lina stod på rundt 450 meters djupne og det tok nærare ein time å få den tunge fangsten opp for hand. Etter ei stund kom det eit veldig rykk i lina. Lite visste dei i båten at håkjerringa hadde surra lina rundt sporen, i tillegg til å ha ein krok i kjeften.

– Etter det rykket tenkte eg kanskje det var ei kjempesvær brosme, minnest Kristensen.

Då fangsten kom for ein dag, var reaksjonane litt delte om bord i båten.

– Vi hadde gløymt fiskekniven, så eg var i gang og ville surra ein brødkniv rundt ein båtshake for å få tatt livet av håkjerringa. Men kjerringa mi ville kutta lina, ler Kristensen.

Kven som tenkte klokast kan diskuterast. Med anglar og line rundt seg, kunne det blitt farleg for storfiskaren om håkjerringa hadde klart å setja kursen nedover mot djupet igjen.

Men Kristensen vann kampen, og då dei seinare kunne undersøka håkjerringa nærare, viste det seg at den hadde forsynt seg av den opprinnelege linefangsten.

– Den hadde fisk i magen og ein svarthå i kjeften – hadde sikkert nappa fisk bortetter lina heilt til den sette ein krok fast i kjeften, fortel Kristensen.

Håkjerringa vart dregen på land i Neslia, vinsja opp på ein lastebil og hengd opp til allmenn underhaldning på Skålakaien. Det vart naturleg nok ein attraksjon som mange tok bilde av, også Kristensen.

– Eg selde tekst og bilde til Villmarskliv og Vi Menn og tente 7.000 kroner på det.

Fisken gjekk det verre med. Levera kan utgjera opptil 1/3 av kroppsvekta og var grunnen til at håkjerringa vart jakta på før i tida. Fiskekjøtet er i utgangspunktet giftig, men islendingane har ein graveteknikk som – i alle fall etter islendingane sitt syn – gjer fiskekjøtet etande i form av fiskeretten hákarl.

– Eg dumpa håkjerringa midtfjords – først seinare høyrde eg at ein kunne få tre kroner kiloen for levera, fortel Kristensen.

Han er levande interessert i livet i havet, og har seinare høyrt at håkjerringa kan bli over eit tonn tunge og bli over 500 år gamle.

– Det er fasinerande – håkjerringa er det lengstlevande virveldyret på planeten. Den eg fekk kan ha vore over 200 år, filosoferer storfiskaren.

Kristensen fortel at då havforskarar byrja å sjå nærare på håkjerringa, fann dei selungar i magesekken. Dei lurte på korleis den saktesymjande haifisken kunne ta kjappe selar, og sette kamera på ei håkjerring. Då viste det seg at selen tar seg ein blund i sjøen innimellom, og då slår håkjerringa til.

Livslang interesse

– Du er opphavleg frå kvalfangarbyen Sandefjord. Var det der fiskeinteressa i starta?

– Ja, far min var kvalfangar med 26 sesongar i Sørishavet. Når han var heime tok han meg ut på fiske. Eg selde min første fisk som åtteåring.

I tillegg til håkjerringa har Kristensen tatt verdas nest største registrerte hann-kveite, nærare bestemt på 55 kilo. Ho-kveitene kan vega over 300 kilo, medan hannane er meir beskjedne i storleik.

– Kva er favorittfisk på fatet?

– Torsk, breiflabb, lettsalta uer, og kveite. Og så likar eg godt fish & chips når det er skikkeleg laga til.

For tida gjentar Tore Hartvik Kristensen suksessen frå i fjor og deltar i Lofotfisket.

Artikkeltags