Slepp ut 41 prosent av fisken

DEL


I 2018 har turistfiskebedrifter (hytteutleigarar, campingplassar o.l.) for første gong rapportert gjestene sine fangstar.

Det er Fiskeridirektoratet som får rapportane, og denne sesongen er det så langt registrert 2,2 millionar fisk som turistar har drege opp av sjøen langs Norskekysten.

Mest overraskande er kanskje tala for kor mykje fisk som er sleppt ut igjen; 41,1 prosent.

Ikkje overraskande er det nord i landet turistane drar opp mest fisk, og der er det torsk som dominerer fangstrapportane. Her i vest er det seien turistane fiskar mest av.

Løpande registrering kan du sjå på heimesida til Fiskeridirektoratet – søk på fangstrapportering for turistfiskebedrifter.

Artikkeltags