Stabilt for Opsangervatnet

Av
DEL


Utfiskinga av småfisk som Kvinnherad Ungdomssenter (US) er med på i samarbeid med Sportsfiskaren Kvinnherad, viser ei snittvekt på 118 gram for dei siste to åra med garnfiske i regi av US.

All fisk oppunder 300 gram og større som framleis har vore i live, har vorte sett ut igjen i vatnet. Håpet er på lang sikt at vi kan vera med på å auka snittvekta på auren i Opsangervatnet, ved å fiska ut småaure.

Alle som vil kan ta del i dette fisket.

US held gratis fiskekort, båt, redningsvestar og garn. Fangsten kan ein behalda sjølv, mot registrering av tal fisk, vekt og fiskeplass. Garna er så småmaska at fisk oppunder 300 gram og større som oftast heng etter tanngarden, og er uskadd. Ein og annan sjøaure over kiloen er trygt tilbake i sitt rette element, og ein lokal variant på rundt kiloen fekk fridomen tilbake i haust (sjå bilete).

Planen for årets sesong er å innlemma dette tilbodet i den nye Utstyrssentralen som er under oppbygging i ungdomssenteret. Så får vi sjå om vi greier å slå fangstresultatet på 513 aurar tekne i 2018 denne sesongen.


Artikkeltags